Samlaget og Minotenk går saman for meir mangfaldig nynorsklitteratur

Målsettinga er å skape eit større litterært mangfald og å motivere fleire til å delta i den offentlege samtalen.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Målet vårt er å løfte gode litterære stemmer med minoritetserfaring og gjere den nynorske litteraturen meir mangfaldig og representativ for samtida vår, seier Linda Noor, dagleg leiar i tenketanken Minotenk, i ei pressemelding.

Den nye forfattarskulen er samlingsbasert og skal gå over eitt år, med oppstart i januar 2022. Ti elevar får plass, og mellom samlingane får dei oppfølging av etablerte forfattarar.

– For at litteraturen skal spegle at vi lever i eit mangfaldig samfunn, meiner vi det er naudsynt med eit strukturelt tiltak som Forfattarskulen.

Det seier Edmund Austigard, administrerande direktør i Samlaget, i pressemeldinga.

Alle skal kunne kjenne seg att i litteraturen

Utover hausten jobbar Det Norske Samlaget og Minotenk med rekruttering, med mål om å få søkarar frå heile landet og frå ulike minoritetsgrupper.

– Litteratur er eit grunnstoff i samfunnet vårt, alle skal kunne kjenne seg att, og samstundes bli rikare av andre sine blikk, seier Austigard.

Forfattarskulen vil vere eit gratis tilbod til elevane. Alle over 18 år som har minoritetserfaring, og som har eit ønske om å utvikle seg innan skrivekunst, kan søke. Arbeidsspråket ved skulen blir nynorsk, men det er ikkje noko krav om at nynorsken er feilfri.

– Det ligg ei sterk symbolsk og kulturell kraft i å foreine nynorsk og minoritetserfaringar, seier Linda Noor.


Minotenk gjev ut “Håndbok mot rasisme” for at lærarar og elevar skal ha eit vektøy i møte med rasisme. – Skulen er kanskje den viktigaste arenaen kor me kan motverke rasisme i samfunnet, seier Linda Noor i Minotenk. Foto: Minotenk.