Ombodet får fleire førespurnader årleg, frå personar som må betale for kvinneklipp, sjølv om dei har kort hår.
– Dessverre er det framleis mange frisørar som har kjønnsdelte prisar, seier rådgivar Shorish Azari i Likestillings- og diskrimineringsombodet til NRK.
Han viser til paragraf 6 i Diskrimineringslova, som seier at det er forbode å diskriminere på bakgrunn av mellom anna kjønn.
– I utgangspunktet er praksisen med herre- og dameklipp ikkje lovleg, seier Azari.
- Les også om arbeidskvardagen som frisør: – Ønskjer ein verkeleg å bli frisør må ein vere innstilt på å jobbe hardt og ofra litt, fortel Joakim (27)
