Forskjellen mellom skuleval og ordinære val: – Trur ein del elevar tek dette som tull

Nathalie Strømberg (16) synest det er rart at mange på skulen hennar har stemt Frp. Forskar peikar på at ein ser ein samanheng mellom skuleval og det endelege valet.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Eg trur kanskje eldre kan tenke noko heilt anna enn oss unge. Sidan vi er unge har vi nye tankar og sånt. Men nokre av oss er ganske like.

Det seier 16 år gamle Nathalie Strømberg til Framtida.no.

Ho deltek på UngOrg sitt arrangement «Vi stemmer sammen», sjølv om ho framleis ikkje er gamal nok til å stemma ved stortings- eller lokalval i Noreg.

Men som skuleelev har ho hatt høve til å gje eit signal om politisk ståstad gjennom skulevalet.

Stor skulesiger for høgresida

Tysdag 5. september vart det klart at Høgre hadde vunne skulevalet for første gong på 10 år.

Elevar ved 391 vidaregåande skular har stemt som om det var fylkestingsval.

Høgre fekk 21,9 prosent av skulestemmene, medan Frp fekk 19,6 prosent av stemmene.

Strømberg er ikkje heilt sikker på om skulevalet seier noko om kva elevane faktisk meiner.

– Det kan vi sjå på resultatet.

Støre hadde trengt støtte

For korleis stemmer norske elevar, samanlikna med befolkninga elles?

Hadde dei norske skuleelevane fått avgjere stortingsvalet i 2021, ville den sittande regjeringa ha tronge støtte frå MDG eller Venstre (eller kanskje Raudt pluss KrF) for å få fleirtal. Den borgarlege blokka, på den andre sida, hadde ikkje hatt sjanse til å ta makta på same grunnlag som Solberg-regjeringane.

Mørkhåra kvinne og gråhåra mann

AUF-leiar Astrid Hoem og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under AUF si skulevalvake i 2021. Foto: Erlend C.L. Birkeland/Ap

Med 17 prosent oppslutnad ved årets skuleval gjorde Arbeidarpartiet sitt dårlegaste skuleval på 20 år.

Skulevalet, som vert halde ei knapp veke før kvart stortings- og lokalval, følger ofte dei store trendane i norsk politikk. Ap er som regel det største partiet, med Høgre og Framstegspartiet like bak. Men nokre parti gjer det konsekvent betre i skulevalet enn i dei faktiske vala. Vi har sett på tala dei siste 10 åra.

I førre val, Stortingsvalet i 2021, var skuleelevane samde med resten av befolkninga, og utpeikte Ap som største parti. Men valresultatet viser oss også ein trend som har vore konsekvent dei siste fem vala: SV, Venstre, MDG og Piratpartiet er meir populære blant skuleelevane enn blant heile den stemmeføre befolkninga.

Den følgande grafen viser kor stor skilnadene er mellom skulevalet og stortingsvalet:

Jo Saglie er forskar ved Institutt for samfunnsforsking. Han er statsvetar som forskar på lokaldemokrati, sametingsval og politiske parti. Foto: Institutt for samfunnsforsking.

– Ser ein samanheng

Forskar ved Institutt for samfunnsforsking, Jo Saglie, er ikkje overraska over framgangen høgresida har hatt ved årets skuleval og viser til meiningsmålingane i forkant.

– Utslaga ved skulevala kan vere sterkare enn ved det eigentlege valet fordi ungdom ikkje nødvendigvis er så fastgrodd i partilojalitet som andre veljarar, seier Saglie på telefon til Framtida.no.

Han peikar på at parti som sit i regjering gjerne har ein tøffare jobb når det kjem til å mobilisere veljarar.

– Så er det gjerne slik ved skulevala at parti som står fram som fløyparti gjerne kan gjere det betre enn meir sentrumsorienterte parti. Det er kanskje fordi dei kan stå fram med ein tydlegare bodskap enn det partia i sentrum og dei med regjeringsansvar kan.

Blant unge veljarar har klima og miljø tradisjonelt vore viktigare, samanlikna med eldre veljargrupper, noko som tidlegare har gitt større oppslutnad til parti som prioriterer dette. Saglie understrekar likevel at ungdom ikkje er ei einsretta gruppe, og at årets skuleval viser at det er mange unge som ikkje stemmer på grøne parti.

Ifølgje Saglie var skulevala og dei eigentlege vala jamnare for 10–12 år sidan, noko som kan skuldast terroråtaket mot AUF, som kan ha resultert i auka sympati med Arbeidarpartiet og ein meir tradisjonell måte å driva politikk på.

KrF og Sp mindre populære på skulane

Vi ser også ei stadfesting av ein annan trend: KrF og Senterpartiet får færre røyster i skulevalet enn i det faktiske valresultatet. Også dette har vore konsekvent i dei 10 siste åra.

KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland jubla likevel over årets resultat på 2,8 prosent, som han ser på som starten på ein oppgang.

– At vi går fram i alle fylke er ei positiv overrasking – og ikkje minst at vi går fram nesten 1 prosentpoeng frå førre val, uttala Bjuland til avisa Vårt Land.

Ei av KrFU sine saker denne valkampen har vore å utsetta skulestart for elevar på ungdoms- og vidaregåande skular til klokka 9.00.

Kuriøse småparti

Ein annan trend som er ganske konsekvent, er at partia som vanlegvis hamnar i kategorien «andre», får meir støtte frå skuleelevane. I 2017 fekk Pensjonistpartiet 23,3 prosent større oppslutnad av skuleelevane enn i stortingsvalet. Det utgjorde vel å merke berre 0,10 prosentpoeng, og høvesvis 0,54 og 0,44 prosent oppslutnad.

Det mest oppsiktsvekkande er kanskje at Piratpartiet i 2013 fekk 4,27 prosent i skulevalet; meir enn både Senterpartiet, MDG, Raudt og KRF. Piratpartiet er dessutan også eitt av desse partia som skuleelevane støttar i større grad enn dei røysteføre. Hadde dette vore det faktiske valresultatet, ville Piratpartiet ha fått ei handfull mandat inn i Stortinget.

Piratpartiet har vel å merke skifta namn til Innovasjon- og teknologipartiet.

Skuleelevane røyster også i større grad blankt.

Nynazist-flørt

Eit anna parti som har utmerkt seg smått dei siste åra, er det høgreekstreme partiet Alliansen. For to år sidan viste Filter Nyheiter korleis partiet kopla tenåringar med nynazistar i valkampen. I 2021 fekk Alliansen 1,43 prosent (meir enn både Piratpartiet, Sentrum og Liberalistene) i skulevalet.

Arbeidarpartiet har bevegd seg over og under den raude lina.

Venstre har gjort det jamt over betre ved skuleval enn tradisjonelle. Partiet har ikkje gjort eit dårlegare skuleval enn 6,5 prosent dei siste 10 åra og opplevde framgang også i år.

Partiet har også vore blant dei som får mest merksemd i media for skulevalkampane sine dei siste åra. Dei har ofte møtt motstand når dei løftar saka om legalisering av cannabis. I år fortalde fylkesleiar i Viken Unge Venstre, Emilie Ovnerud, til Fredriksstad Blad at ungdomspartiet vart bedd om å fjerne flygeblad med teksta «Legalize it».

 

Sjå dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Unge Venstre (@ungevenstre)

Kvinner til venstre, menn til høgre

I tillegg til alder har forskarane tradisjonelt sett ein skilnad mellom korleis kvinner og menn stemmer.

– Unge kvinner går til SV og unge menn går til parti som Frp. Det verkar ikkje som om dette mønsteret er i endring. Det er ingen grunn til å tru at denne tendensen forsvinn med det første, seier valforskar Johannes Bergh til NRK.

Mindre konservative

Valvinnaren frå Unge Høgre erklærte generasjon Greta Thunberg for daud, og MDG gjorde på si side sitt dårlegaste skuleval sidan 2013.

I årets skuleval fauk Høgre og FrP fram i skulevalet, men trenden for Høgre i dei fire førre vala har vore at partiet har gjort det merkbart dårlegare i skulevalet enn i det faktiske valresultatet.

16 år gamle Nathalie Strømberg ser med noko skepsis på resultatet ved skulevalet.

– På vår skule var det mange som stemte på Frp, men mange der er jo innvandrarar, så eg trur ein del elevar tek dette som tull, og ikkje heilt seriøst. Det betyr ikkje at ho meiner eldre og yngre alltid stemmer likt.

Statsvitar Saglie ser på si side ikkje noko grunn til å tru at mange vidaregåandeelevar ikkje tek valet på alvor.

– Me ser jo at det er ein samanheng mellom resultat i skuleval og det eigentlege valet. Det betyr ikkje nødvendigvis at resultat er det same, men det er gjerne slik at dei som får framgang i skulevalet får framgang ved det eigentlege valet. Samstundes er skulevalet uforpliktande og får ikkje nokre reelle konsekvensar, så det kan vere lettare å gje ei proteststemme, som ikkje har noko å seie.