Nordmenn synest det er for dyrt å reparera – Forbrukarrådet etterlyser tiltak

Norske styresmakter bør gjera det lettare for forbrukarane å ta miljøvennlege val ved å setja med prisen på reparasjonar og reservedelar, meiner Forbrukarrådet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei spørjeundersøking Forbrukarrådet gjennomførte før sommarferien kom det fram at eit stort fleirtal av forbrukarane ønskjer at det skal vera mogleg å reparera hushaldsprodukta dei kjøper.

Samtidig viste undersøkinga at mange ting ikkje blir reparert fordi folk synest det for dyrt.

Særleg reagerte mange på reparasjonskostnadene til oppvaskmaskiner og mobiltelefonar. Her meinte 73 og 71 prosent av dei spurde at prisen må gå ned for at dei skal veja reparasjon neste gong, fortel Forbrukarrådet i ei pressemelding.

Nødvendig med nasjonale tiltak

For å hjelpa forbrukarane til å ta meir miljøvennlege val, meiner Forbrukarrådet det er nødvendig med nasjonale tiltak.

Inger Lise Blyverket er forbrukardirektør. Foto: Forbrukerrådet

– Vi i Forbrukarrådet har teke til orde for momsfritak på reparasjonar av mellom anna elektronikk, syklar, kle og sko, og her får vi klar støtte frå forbrukarane. Heile 86 prosent av forbrukarane i undersøkinga vår svarar at moms på reparasjonstenester bør vera lågare, eller fjernast heilt, seier direktør i Forbrukarrådet, Inger Lise Blyverket.

Ho har store forventningar til at utvalet som er varsla oppretta i den nasjonale strategien for sirkulær økonomi. Utvalet skal ifylgje Forbrukarrådet gå gjennom heile skatte- og avgiftssystemet for å fremja sirkularitet, heiter det.


Frå fiksefest på Deichmanske bibliotek i 2017. Foto: Kim André Hansen