Messi-overgang, klimarapport og TikTok-milepåle
– kva hugsar du frå veka?
Har du logga på att etter sommarferien? Sjekk om du har fått med deg nokre av dei store (og små) nyheitene denne veka!

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Quiz: Nyheitsquiz veke 32
- Spørsmål 1 av 10
1.
Kva er Lionel Messi sin nye fotballklubb?
Oui oui!
Det var ein tårevåt Lionel Messi som førre helg hadde pressekonferanse om den ufrivillige avskjeden med FC Barcelona, klubben han har spelt i sidan 2004. Rykta svirra om at det neste steget i karrieren hans ville finne stad i Paris, og no er argentinaren presentert som spelar for PSG (Paris Saint Germain).
– Eg er veldig glad for å vere her. Det var ein vanskeleg augeblink å forlate Barcelona etter så mange år. Men sidan eg kom hit har eg vore veldig glad, seier Messi, ifølgje VG. Han har signert kontrakt med det franske laget ut 2023-sesongen.
Så no blir han igjen lagkamerat med Neymar:
Mais non!

- Spørsmål 2 av 10
2.
Meir sport! Jakob Ingebrigtsen tok OL-gull på 1500 meter i Tokio førre helg. På kva tid kryssa han målstreken?
Heilt rett!
Jakob Ingebrigtsen spurtslo rivalen Timothy Cheruiyot, og spang inn til tida 3:28,32
– Europeisk rekord, familierekord, Sandnes Idrettslag-rekord, og olympisk rekord og 20 år gammal, seier pappa Gjert til VG.
No har Jakob varsla at han vil ta verdsrekorden også.
Her rotar du med hundredelane!
Jakob Ingebrigtsen spurtslo rivalen Timothy Cheruiyot, og spang inn til tida 3:28,32
– Europeisk rekord, familierekord, Sandnes Idrettslag-rekord, og olympisk rekord og 20 år gammal, seier pappa Gjert til VG.
No har Jakob varsla at han vil ta verdsrekorden også.
- Spørsmål 3 av 10
3.
Kva heiter TikTokaren som har passert over 100 millionar følgjarar denne veka?
Heit rett!
Italienske Khaby Lame har fått over 100 millionar følgjarar på TikTok ved å reagere på såkalla lifehacks-videoar og andre videoar som har gått viralt. No er han den med nest mest følgjarar på TikTok i heile verda.
Å, nei du!

- Spørsmål 4 av 10
4.
Vogue Scandinavia har lansert si aller første framside. Kven finn vi på framsida av bladet?
Riktig!
Greta Thunberg prydar framsida av den første utgåva av motebladet Vogue Scandinavia. Men slapp av, den svenske klimaaktivisten har ikkje bytt bransje. Ho nyttar nemleg høvet til å ta eit kraftig oppgjer med moteindustrien og korleis han påverkar klimaet negativt, skriv Medier24.
Kleda Thunberg hadde på seg skal vere produserte av resirkulert materiale, sjølvsagt.
Feil!

- Spørsmål 5 av 10
5.
Det har skjedd ei utvikling i Britney Spears-saka! Kva nytt hende denne veka?
Du er heilt med! Dette er så klart rett svar.
Faren Jamie Spears har gått med på å trekke seg som verje for Britney, kjem det fram i eit rettsdokument. Han har gått med på at Britney får ein ny verje, ifølgje VG.
Tidlegare i år tok stjerna etter lang tids stillheit bladet frå munnen og fortalde at ho ville ut av verjemålet.
Ops, du svarte feil!

- Spørsmål 6 av 10
6.
Hetebølgja i Sør-Europa held fram, og denne veka blei det sett ny europeisk varmerekord på Sicilia. Kor varmt var det der?
Du er on fire, dette er rett!
På den italienske øya Sicilia blei det i Siracusa målt 48,8 grader onsdag ettermiddag. Den gamle varmerekorden i Europa var på 48,0 grader og blei sett i 1977 i Aten.
I denne Framtida-saka kan du lese meir om ekstremvarmen på Sicilia!
Du brenn deg, dette er feil!
På den italienske øya Sicilia blei det i Siracusa målt 48,8 grader onsdag ettermiddag. Den gamle varmerekorden i Europa var på 48,0 grader og blei sett i 1977 i Aten.
I denne Framtida-saka kan du lese meir om ekstremvarmen på Sicilia!
- Spørsmål 7 av 10
7.
Taliban har tatt kontroll over store delar av Afghanistan, mellom anna landets nest største by. Kva heiter byen?
Rett svar!
Den nest største byen i Afghanistan, Kandahar, blei tatt av Taliban torsdag. Islamistane kontrollerer no mesteparten av landet.
Sidan starten av året har over 550 000 menneske blitt drivne på flukt i Afghanistan, ifølgje ei oppdatering som blei lagt fram av FN søndag. Berre sidan juli er 126 000 menneske fordrivne, skriv VG. Søndag kom meldingar om at Taliban også har kome til hovudstaden Kabul og at afghanske styresmakter gir frå seg makta til Taliban.
Feil svar!

- Spørsmål 8 av 10
8.
Klimapanelet til FN la denne veka fram ein omfattande klimarapport som varslar meir ekstremvêr over heile verda. Kor mykje varmare kan det bli om utsleppa held fram å auke?
Dessverre, ja!
Klimapanelet til FN skriv at dersom utsleppa held fram med å auke i tiåra som kjem, kan vi risikere ei oppvarming på opp mot 5,7 grader mot slutten av hundreåret.
Den globale overflatetemperaturen vil halde fram med å stiga minst til midten av hundreåret. Med mindre det skjer umiddelbare, raske og store reduksjonar i klimagassutslepp, vil avgrensing av oppvarminga til nær 1,5 °C eller til og med 2 °C vere utanfor rekkevidde.

- Spørsmål 9 av 10
9.
Ein gamal klassikar har fått ein ny vår (eller rettare sagt sommar). Kva plagg er det som har trenda på Instagram på Noregs-ferie?
Islendaren har gjort comeback under årets norgesferie, ifølgje NRK. Folk kanalen har snakka med seier dei har sett mange med same islendar-gensar som dei sjølve i Lofoten. Moteredaktøren i Elle stadfestar at den tradisjonelle islendaren no er omfamna av yngre genrasjonar, og har blitt ein såkalal “it-gensar”.
Klesforskar Ingunn Klepp må derimot skuffe alle dei som trur dei har på seg eit lite stykke Noreg.
– Han er ikkje frå Noreg i det heile tatt. Eller han er ikkje noko meir frå Noreg enn nokon annan stad. Han er frå den veksande tekstilindustrien som kom langs kysten på denne tida, seier ho, og viser til 1800-talet.

- Spørsmål 10 av 10
10.
Ein svensk filmklassikar kjem i ny drakt! Kven av desse barndomsheltane blir det gjensyn med?
Hurra, du svarar rett!
For mange, i alle fall millenials, var Eva og Adam ein favoritt i oppveksten. Den svenske serien om kjærasteparet Eva & Adam blei send i Noreg på NRK frå 1999, og i 2001 kom det ein film om dei også.
No kjem klassikaren i ny drakt. Dessverre for dei som vaks opp med Eva & Adam får vi ikkje sjå korleis det har gått med dei 20 år etter, men i staden kjem det 27. august ein film med nye skodespelarar, Sonja Holm og Olle Cardell.
730.no melder òg at Adam i denne versjonen ikkje blir å sjå med den ikoniske midtskillen.

Resultat:
Vurdering:
Har du fått med deg desse sakene frå veka som var?
- Senterungdomleiaren rasar mot politisk «russelåt» frå Unge Venstre: – Gjer meg provosert og forbanna
- Stemmeretten er vårt viktigaste våpen i klimakampen, og denne gongen har vi ikkje råd til å velje feil, skriv Spire-leiar Julie Rødje i eit meiningsinnlegg.
- Her blei det målt ny europeisk varmerekord: – Dystopisk, seier italienske Valerio (23) og Dina (19)