60 år sidan: Då Berlinmuren vart bygd

I morgontimane søndag 13. august 1961 byrja styresmaktene i det kommunistiske Aust-Tyskland å byggje Berlinmuren. Dermed var det siste holet i jernteppet tetta.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rykta om at grensa mellom Aust- og Vest-Berlin var i ferd med å bli stengd hadde surra i den tyske hovudstaden i 48 timar.

På fredagen hadde nemleg nasjonalforsamlinga i kommunistiske Den tyske demokratiske republikk (DDR) gitt grønt lys til å ta alle nødvendige middel i bruk for å stanse flaumen av austtyskarar som tok seg vestover.

Dei førre tolv åra hadde nær tre millionar borgarar flykta frå det strenge regimet for å oppleve fridommen og velstanden Vest-Tyskland kunne tilby.

No skulle den sovjetiske satellittstaten ha slutt på masseflukta til områda dei vestallierte landa USA, Storbritannia og Frankrike kontrollerte.

Nyheitsvarslar

Klokka 4.01 natt til søndag 13. august 1961 sende det franske nyheitsbyrået AFP ut eit nyheitsvarsel: «Hæren og folkepolitiet har samla seg langs grensa mellom den austlege og vestlege sektoren av Berlin for å blokkere overgangen».

To timar seinare kom eit nytt varsel: «Dei siste to timane har ingen tog gått mellom aust og vest».

August 1961. Enkelte stader er det førebels berre ein godt vakta piggtråd som deler Berlin. To små engstelege barn, ein gut og ei jente, ser over piggtråden mot den andre sida. Foto: UPI / NTB / arkiv / NPK

Deretter kom nyheitsvarsel på nyheitsvarsel:

– 4.28: «Aust-Tysklands ministerråd har vedteke å innføre grensekontroll, tilsvarande den som er ved grensa til uavhengige statar, også langs grensa mot den vestlege delen av Berlin».

– 4.36: «Ein ordre frå innanriksdepartementet i Aust-Tyskland forbyr innbyggjarane i landet å dra til Vest-Berlin med mindre dei jobbar der».

– 4.50: «Innbyggjarar i Aust-Berlin får forbod mot å jobbe i Vest-Berlin, har styresmaktene i Øst-Berlin vedteke».

Piggtråd og våpen

Seinare søndag morgon kunne AFPs korrespondent på staden skildre korleis situasjonen såg ut på bakken.

«Piggtrådgjerde og stakar er sette på plass i løpet av natta for å hermetisk lukke grensa mellom Aust-Berlin og Vest-Berlin. Grensa er i praksis sperra av for flyktningar».

«Dei fleste kryssingspunkta mellom dei to delane av byen har vore kuttet av sidan soloppgang og vert vakta av omfattande politistyrkar med maskingevær over skuldra».

«Berre 13 grensekryssingar er opne mellom dei to delane av Berlin, men dei er under streng kontroll av store mengder væpna politi».

16. august 1961: Muren fell gradvis på plass. Her er ein provisorisk mur over Ackerstrasse mellom den franske og den sovjetiske sektoren allereie komme opp i løpet av tre dagar. Foto: UPI / NTB / arkiv / NPK

Dramatisk flukt

Muren var enno ung og sperringane ikkje så omfattande som dei seinare skulle bli. AFPs korrespondent vart vitne til austtyskarar som framleis såg moglegheita til å komme seg vestover.

«Tyskarar frå Aust-Berlin kan ikkje lenger dra til Vest utan eit spesielt pass. Kontrollane er overdrive strenge».

«Idet nettet fell over den kommunistiske delen av byen, greier ein ung berlinar frå aust mot alle odds å dundre bilen sin gjennom piggtråden som deler dei to delane av byen».

«Då dei ser den unge mannen komme i høg fart i ein Volkswagen, er politiet for overrumpla til å greie å stanse bilen, som tar med seg piggtrådgjerdet over gata og rett inn i den franske sektoren».

23. august 1961: Jernringen blir stadig tettare. Den 23 august stengde kommunistregimet endå fleire grenseovergangar mellom Aust- og Vest-Berlin. Talet på overgangar vart redusert frå 13 til 8. Foto: UPI / NTB / arkiv / NPK

Dødsstripa

DDR-soldatane hadde ordre om å skyte mot flyktningar som prøvde å krysse grensa ulovleg. Det første skotofferet var den 24 år gamle Günter Litfin. Han vart skoten og drepen 24. august 1961.

Litt etter litt kjem òg sjølve muren på plass. Kilometrane av piggtråd må vike for ein 43 kilometer lang betongvegg som deler byen frå nord til sør.

Ein annan ytre vegg, 112 kilometer lang, skil enklaven Vest-Berlin med dei to millionar innbyggjarane frå DDR.

Dei 28 åra han eksisterte, vart muren konstant oppgradert. Meir enn 100 kilometer av muren skulle etter kvart bestå av store blokker forsterka betong, 3,60 meter høge og toppa med ein sylinder som gjorde det nærast umogleg å klatre over. Resten av gjerdet består av metalltråd.

Langs den austlege sida av det mange kallar «skammas mur» ligg «ingenmannsland», om lag 300 meter djupt i enkelte område. Langs foten av muren ligg ei «dødsstripe» av nøye raka jord, som gjer det mogleg å sjå fotspor. Denne blir utstyrt med installasjonar som utløyser sjølvskot og miner.

23. august 1961: Jernringen blir stadig tettare. Den 23 august stengde kommunistregimet endå fleire grenseovergangar mellom Aust- og Vest-Berlin. Talet på overgangar vart redusert frå 13 til 8. Foto: UPI / NTB / arkiv / NPK

Fleire mista livet

Uansett kor hermetisk denne formidable «antifascistiske beskyttelsesvollen», som han offisielt vart kalla, skulle bli, greidde han ikkje å hindre at nær 5.000 menneske flykta fram til muren fall den 9. november 1989.

Alle var likevel ikkje like heldige.

Styresmaktene i DDR prøvde alltid å hindre at informasjon om dødsoffer ved muren kom ut, og derfor er tala på dødsoffer usikre. Zentrum für Zeithistorische Forschung i Potsdam brukar talet 136. Dette talet inkluderer ikkje berre dei som vart skotne av soldatar, men også dei som av andre årsaker mista livet i forsøket på å flykte vestover. (©NPK)

LES OGSÅ: Utrulege soger frå dei som flykta og dei som døydde i forsøket