Sjarmerande rockerar

BOKMELDING:The Rise and fall of Gøran Trovåg er gjennomført, og ganske sjarmerande og for ikkje å snakke om humoristisk, men det stoppar liksom der.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

The Rise and fall of Gøran Trovåg er skriven av Gaute M. Sortland. Det er ei bok som handlar om det å vekse opp, og bli vaksen. Boka er historia om Gøran, Eivind og Jokki og om bandet deira Froskar i naud. Det er òg ei historie om musikk og venskap, samstundes som den har ein alvorleg undertone.

Språket er enkelt, og boka er lett å lese. Setningsoppbygginga er kort. Handlinga er kronologisk å fylgjer handlingane. Språkbruken skildrar omgjevnadane, men det er og utstrakt bruk av replikkar. Ho er ikkje skriven på ein måte som gjer det spesielt interessant, men språkbruken passar til boka.

Boka trendar ikkje, det kjem ikkje mykje oppvekstromanar no for tida, og ho liknar ikkje på noko eg har lese før. Boka var ytst kreativ.

Når boka startar vert du sett rett inn i handlinga, boka er ikkje ein pageturner, eg klarte lett å leggje ho i frå meg. Sjølv om ho er fylt med kjappe og morosame replikkar. Boka er utan tvil truverdig, eg trur på dei tri ungdommane som er så lite opprørske, og som har eit band og ein draum om å gjere det stort.

Spenningskurven på boka er relativt flat, alt byggjer opp mot ein konsert som dei skal spele, boka er føreseieleg, heilt til slutten som kjem som ei overrasking.

Gaute M. Sortland (f. 1980) har skrive tre bøker. Debutromanen hans ”Johan” frå 2009 hausta han mykje lovord for.

Handlinga og personane i boka er truverdig, og boka har ein samanhengande heilhet. Forfattaren fenger med kjappe og morosame replikkar som nemnd ovanfor, men til trass for dette så vert boka litt for enkel å leggje i frå seg. Eg tykkjer boka er gjennomført, og ganske sjarmerande og for ikkje å snakke om humoristisk.

Boka er alt i alt god, og har ein viktig beskjed å kome med. Det ordnar seg alltid. Ein typisk feel-good bok, og ho treff målgruppa si 12-14 år gamle ungdommar. Men for meg som les litt av kvart og som er 18 år gamal er ho sjarmerande og humoristisk, men der stoppar det. Den er ingenting meir enn eit humoristisk blaff som eg har gløymt i dag.

Faktaboks

Gaute M. Sortland
The Rise and fall of Gøran Trovåg
Samlaget
2013

Terningkast: 4