Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om min nyaste roman Assistenten vert filmatisert, skulle Danby Choi spelt hovudrolla som Øyvind, journalisten som vert SFO-assistent i protest mot klikkjournalistikken og som lengtar etter å gjere noko meir enn å sitje framfor ein skjerm heile dagen.

Det fortel forfattar Audun Mortensen på e-post til Framtida.no. Assistenten er hans nyaste roman, og den tolvte boka han gjev ut.

Prisnominert for debuten

Mortensens debutbok, Alle forteller meg hvor bra jeg er i tilfelle jeg blir det. Omslag: Flamme forlag.

Forfattaren frå Askim har skrive kring ei bok i året sidan debuten kom for tolv år sidan, og har hausta mykje ros og prisnominasjoner for verka sine.

Debutboka til Mortensen frå 2009, Alle forteller meg hvor bra jeg er i tilfelle jeg blir det, vart kåra til «Årets beste diktdebut» av Aftenposten – som også skriv at det er årets morosamaste diktdebut.

Mortensen vart også i 2015 kåra til eit av landets «30 unge talentar under 30» av Dagens Næringsliv.

Vi har teke ein kik i bokhylla til forfattaren: 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Miseducation av Diane Reay og Ekko av Lena Lindgren.

Kva bøker les du helst?

– Eg les dei fleste typar romanar og poesi, gammalt og nytt, men eg les nok mest sakprosa og helst om tema som kunsthistorie, politikk, medieteknologi, fotball og adopsjon.

– Eg les nok mest sakprosa, seier forfattar Audun Mortensen. Dette er bøkene som fekk han til å le, gråte, verte sint og tenkje.

Kor les du?

– Heime, i stova. I ein lenestol eller liggande på sofaen.

Kva bok/bøker vart lese til deg som liten? Og kven las?

L av Erlend Loe er ei av bøkene som gjorde mest inntrykk på Mortensen i tenåra. Omslag: Cappelen Damm.

– Mamma las for meg. Folkeeventyr og Thorbjørn Egner. Men eg kjem i frå ein TV-heim, med få bokhyller, så det var meir TV enn litteratur i barndommen.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– The Catcher in the Rye av J.D. Salinger og L av Erlend Loe.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Kanskje Édouard Levé si Selvportrett eller Tom McCarthys The Remainder. Eg likar bøker som foreiner det eksistensielle og kunstfilosofiske, det komiske og det tragiske, og som i grunnen handlar om liv og kunst.

Kva meiner du gjer ei bok god?

  1. Boka må lære meg noko, i form av ei betraktning, innsikt, erfaring, idé, sensibilitet, forventing, kjensle, formulering, spekulasjon, påstand, synsmåte, eit estetisk eller eksistensielt standpunkt, som eg ikkje har sett (vorte uttrykt på den måten) før.
  2. Boka må innfri det ho lovar.
  3. Boka må vere eit produkt av at forfattaren har forsøkt å finne ut av noko. 
  4. Boka må ikkje vere alvorleg for å vere sann og viktig. «Din narr, kva gjer det deg om eg seier det i fullt alvor eller i spøk?» skriv Witold Gombrowicz. «Kva for ei betyding har det for det riktige i tankane eg uttalar? Eg kan uttale den heilagste sanning “i spøk” og lire av meg den største dumskap “i fullt alvor”. Lær deg å bedømme tankar uavhengig av kven som eig dei, og korleis han gjer det».
  5. Boka må vere sjølvbevisst. Eg likar det Tom McCarthy beskriv som ein «committed, engaged, self-aware novel that wrestles with the contradictions of its own condition,” i motsetnad til «the middlebrow novel… the type that doesent acknowledge or address this situation, but just ambles along happily believing that a naive, uncritical realism could ever work in the first place».

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Bjørn Hansen, T. Singer og professor Andersen.

Mortensen vil helst invitere kona på middag. Victoria Durnak er også forfattar. Foto: Marius Viken

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Victoria Durnak. Eg synest ho skriv med eit originalt blikk på menneska og tinga vi omgjev oss med. Tilfeldigvis er vi gifte. Tilfeldigvis gjev ho ut ein ny roman til hausten, som eg gjerne skulle høyrt meir om. Eg inviterer ho aldri på middag. Kanskje på tide å gjere noko med det.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Shakespeare?


Fleire lesetips? Dette er bøkene for deg som vil le, grine, verte sint eller tenkje i sommar. 

Foto: Julie Pike/Gyldendal, Truls M. Qvale/Cappelen Damm, Marie von Krogh/Cappelen Damm, kollasj Framtida.no

Audun Mortensen

Alder: 35

Frå: Askim, fødd i Daejeon, Sør-Korea

Utdanning: Kultur- og idéhistorie

Yrke: Forfatter, journalist, sportsleg leiar i Askim Fotball

Kor mykje les du sjølv? (Gjerne tal bøker i året): 40-50?