Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne boka handlar om unge Johan, som har mista veslesøstera si. Han saknar ho fælt, sjølv om han ikkje seier det høgt. Ein dag tidlig i sommarferien går han for seg sjølv og minnest søstera. Alt verkar rolig og sikkert rundt han, men plutseleg står han sjølv i fare.

 

Johan - Samlaget
Tittel: Johan
Forfattar: Gaute M. Sortland
Forlag: Det Norske Samlaget, 2009

Samlaget kallar Johan ein roman. Men på knappe 78 sider og med ei handling som strekk seg over éin dag, er det kan hende meir riktig å kalle denne historia ei novelle. Historia er ikkje lang eller innfløkt, og høver seg slik godt for ungdom.

Hovudpersonen Johan er ein ung gut i byrjinga av tenåra, og er som ungdom flest. Det som skil Johan frå dei andre, er at han har mista veslesøstera si. Ho drukna, og no er Johan redd for å dra på sjøen, sjølv om det pleidde å vere det kjekkaste han visste. Dette er inga historie å bli glad av. Ho er vemodig og trist, men slutten gir også håp om noko betre.

Omslaget fortel at denne forteljinga er ”truverdig fortald med eit stillfarande språk”. Det stemmer nok ganske godt. Historia er realistisk og språket er enkelt. Det passar til denne forteljinga. Johan er trist fordi han har mista søstera.  Dette er heller ikkje ei bok som prøver å gjere lesaren glad. Då passar det med eit dempa og enkelt språk. Me som les skal tenkje og førestille oss korleis Johan har det. Og det verkar, for me skjønar at Johan ikkje har det så lett.

Sortland tek opp eit alvorleg tema, nemleg døden. Det er ikkje eit enkelt tema å skrive om, men her får me ikkje servert klisjear om masse tårer og smerte. Gjennom språket og skildringa får me eit innblikk i dei vanskelege kjenslene ein kan gå med etter å ha mista nokon.

Dette er inga lang forteljing, men det betyr naturlegvis ikkje at ho er dårleg. Johan er ei vemodig, men fin historie om det å miste nokon og dei kjenslene ein kan sitte med då. Etter lengda og hovudpersonen å dømme, er nok dette ei bok som passar best for ungdom.