50.000 kondom blir delte ut til fadderstyra
I samband med studiestarten i haust sender Helsedirektoratet ut 50.000 kondom til fadderstyra. Samtidig håpar dei på auka merksemd rundt smittevern.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi håpar forståinga for smittevern som følgje av pandemien, gjer at fleire ønskjer å verne seg mot seksuelt overførbare infeksjonar, seier fungerande avdelingsdirektør Kristine Hartvedt i Helsedirektoratets avdeling for barne- og ungdomshelse til VG.
Hartvedt seier vidare at alle over 18 år vil ha fått tilbod om vaksine denne veka eller neste veke.
– Studentar som ønskjer vaksine, vil altså vere verna av første dose ved studiestart. Vi forventar at alle vaksne som ønskjer det, vil vere fullvaksinerte innan utgangen av september.
Om studentar har mange nærkontaktar i byrjinga av semesteret, medan mange framleis berre er delvaksinerte, fryktar ho at det kan bli auka smitte.
– Fadderarrangement må gjennomførast etter gjeldande smittevernråd. Frå oktober og utover vil det sannsynlegvis ikkje vere nødvendig å avgrense talet på nærkontaktar lenger, men vi kan ikkje seie det heilt sikkert enno. (©NPK)
- LES OGSÅ: 15 mytar om prevensjon