Kjønnssjukdommar er vanlegare enn influensa i Forsvaret

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av årsrapporten «Helse for stridsevne 2021», skriv NRK. Covid-19 er ikkje med i statistikken.

I fjor vart det registrert totalt 262 tilfelle av kjønnssjukdommar i Forsvaret. Det vart samtidig registrert 126 tilfelle av influensaliknande sjukdom, 17 tilfelle av borreliose, 13 bakterielle tarminfeksjonar og kikhoste og eitt Giardia-tilfelle.

Sjef for Forsvarets helseregister Arne Johan Norheim meiner talet på tilfelle av seksuelt overførbare sjukdommar i Forsvaret speglar samfunnet.

– Viss ein hadde hatt ei like tett oppfølging og prøvetaking i ei tilsvarande sivil aldersgruppe, så trur eg omfanget hadde vore det same, seier han.

Det registrerte talet på seksuelt overførbare sjukdommar i Forsvaret i fjor var litt lågare enn både i 2016 (264), 2017 (271), 2018 (266) og 2019 (275).


Les også saka: Ungdomspartia vil ha gratis prevensjon: – Vaksne forstår ikkje kva sex er for unge i dag

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com