Aksjonar mot gruvedumping i Repparfjord: Stoppa anleggsmaskin med strikketøy

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Repparfjord: Stoppa anleggsmaskin med strikketøy

Aksjonistar frå Natur og Ungdom har denne sommaren slått leir saman med fleire andre for å prøva å redda Repparfjord i Troms og Finnmark mot gruvedrift og dumping av gruveavfall. Teltleiren opna 23. juni og skal etter planen vera open fram til valet til hausten.

Torsdag 5. august klarte nokre aksjonistar å stoppa ein anleggsmaskin på veg ned mot gruveområdet.

– Eg var med på å stopp den. Eg sat halvannan time og passa på. Det var ikkje så mykje å gjera, så då drog me fram strikketøyet, fortel Åsa Braut Bache til Framtida.no.

– Korleis er det å vera strikkeaksjonist?

– Eg veit ikkje om eg vil definera meg som det til vanleg, men det er ein veldig fin ting å gjera når ein skal sitja stille ei god stund. Og så er det litt koseleg òg.

4200 har meldt seg til lenkegjeng

Åsa Braut Bache har vore i leiren i to og ei halv veke så langt, og har planar om å bruka kring ein månad i protestleiren i Repparfjord.

– Det følest veldig viktig å vera her oppe. Dette er ei sak eg har engasjert meg i fleire år, og ei av dei første miljøsakene eg fekk kjennskap til. Det kjennest som det er rette staden å vera i sommar.

4200 frivillige har meldt seg som lenkeaksjonistar i Repparfjord, og 170 aksjonistar har skrive seg inn kalenderen for å vera med.

Åsa Braut Bache passar på ikkje nokon anleggsmaskinar får koma seg forbi. Foto: Natur og ungdom

Har kontakta politiet

Det er tredje gong aksjonistane har stoppa arbeidet til Nussir i Repparfjorden, ifølge iFinnmark. Nussir-direktør Øystein Rushfeldt stadfestar til NRK at han no har kontakta både politiet og Hammerfest kommune om situasjonen.

Åsa Braut Bache er ikkje redd for å møta politiet.

– Eg har sagt i fleire år at eg er villig til å bruka sivil ulydnad mot dumpinga av gruveavfall i Repparfjord og Førdefjorden. Stortinget har ikkje høyrt på faginstansar som Havforskingsinstituttet, og dei har ikkje lytta til Sametinget. Noreg er i dag eitt av dei to einaste landa i vera som tillet dumping av gruveavfall rett i sjøen.

Ho understrekar at aksjonane i Repparfjord er basert på prinsipp om ikkje-vald, og dei òg har vore i kontakt med politiet.

For ordens skuld: Jannicke Totland øvst på bildet er fast bokmeldar for Framtida.no.

LES OGSÅ: Lea (20) og Stian (20) protest-teltar ved Repparfjord: – Må gjere alt vi kan

Lea Justine Nesheim (20) frå sørlandet og Stian Garcia-Godos Wiig (20) frå Oslo har dratt til Hammerfest på protestleir med Natur og Ungdom. Dei fortel at det er mellom ti og 60 menneske der, avhengig av programmet for dagen. Foto: Inga Márjá Utsi.

Om aksjonen:

  • Det er planlagt gruvedrift i Nussir og Ulveryggen, som er to fjell i Hammerfest kommune, med utførsel i Repparfjord.
  • Det er Nussir ASA som kontrollerer rettane til påvist kopar på dei to fjella, og det er dei som har fått driftkonsesjon, altså lov til å drive gruvedrift.
  • Det har kome fleire innvendingar til prosjektet, og argumenta dreier seg særleg om miljø og samiske rettar.
  • Saka blir av mange omtalt som den nye Alta-saka, som var ein politisk konflikt mellom 60- og 80-talet, og handla om at vasskraftutbyggjing sto mot samiske interesser og miljøverninteresser i Finnmark. Da tok dei i bruk sivilt ulydnad-aksjonar.
  • Også i Repparfjord-saka er slike aksjonar varsla. Det er eit politisk verkemiddel i form av lovbrot eller brot på andre offentlege bestemmingar. Bileta der folk lenkjar seg fast er eit døme på ein slik aksjon.

Kjelder: Faktisk.no, Store norske leksikon – Nussir og Store norske-leksikon – sivil ulydighet