Twitterkonto vil ta lesarane gjennom 22. juli 2011 – minutt for minutt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det gjer dei ved å dele tweets frå involverte på dagen.

– Akkurat no for ti år sidan, skreiv @aldriglemme på ettermiddagen 12. juli, og siterte ein tweet frå AUF i Troms om at dei gledde seg til sommarleir på Utøya.

Slik byrja ein twitterkonto som vil sitere ei rekkje tweets og «livetweete» referat om hendingar frå terrorangrepa i dagane fram mot 22. juli, på sjølve dagen, og i dagane i etterkant, for å markere at det har gått ti år sidan 77 menneske vart drepne av terroristen Anders Behring Breivik.

Det vil bidra til at ein aldri gløymer 22. juli, gjennom at folk tek dette inn på ein mykje nærare måte enn ein kan med tradisjonelle medium, seier Vegard Grøslie Wennesland, som har starta kontoen saman med Torunn Kanutte Husvik og Marthe Scharning Lund.

Skjermdump/ Twitter.

Vil minne om den forferdelege dagen

Wennesland og Husvik overlevde massakren på Utøya, medan Lund jobba i Oslo Arbeidarparti og kjende mange som var på sommarleiren.

– Vi vil jo òg minne om kor forferdeleg det var for oss. Det er mange som seier dei sjeldan eller aldri tenkjer på 22. juli, og eg forstår jo det, men eg trur òg det er lettare å seie at nokon dreg Utøya-kortet når ein har hendinga på avstand, seier Wennesland.

Planen for kontoen er at han skal vere ei minutt-for-minuttskildring av terrordøgnet.

Gjennom å sitere tweets frå personar som var til stades i Oslo og på Utøya, og dessutan folk som observerte hendingane utanfrå, skal dei ta lesarane tett på hendingane den dagen. I tillegg vil kontoen ta i bruk andre opne kjelder frå dagen.

Dei siste dagane har det vore ein utstrekt debatt blant Utøya-overlevande og -pårørande, og i media, om ein skal publisere bilete frå øya som aldri har vorte viste offentleg før – som mellom anna viser drepne.

Dei tre ansvarlege bak Twitterkontoen er klare på at dei berre vil nytte seg av bilete som allereie ligg ute. Brukar dei materiale som stammar frå, eller omhandlar nokon som vart drepne, sjekkar administratorane til kontoen med dei etterlatne i forkant.

  • Les også om Utøya og dagleg leiar Jørgen Watne Frydnes som får Fritt Ords Honnør for 2021: – Det er stort

Formidlar òg det fine

Dei håpar å gi lesarane eit lite innblikk i korleis det var for dei som opplevde hendingane, og dessutan dei pårørande som fortvila prøvde å få tak i sine næraste.

Med 77 drepne, mange skadde, og tallause pårørande blir det travelt frå augneblinken bomba eksploderte i regjeringskvartalet for ti år sidan, klokka 15.25 den 22. juli.

– Det blir ganske intensivt den 22. juli. Fleire hundre tweets. Rett og slett fordi det skjer mykje. Så viss du følgjer han og du i tillegg tek på varslingar frå twitterkontoen, så vil du få ei tett og veldig sterk oppleving av terrorangrepet. Eg håpar mange orkar det, seier Wennesland.

Det er likevel ikkje berre det triste trioen ønskjer å formidle.

– Vi kan halde på litt etterpå òg. Det skjedde veldig mykje fint etter 22. juli, og vi har lyst å formidle det samhaldet vi opplevde i dagane etterpå, med rosetog og markeringar. Vi har ikkje heilt landa på kor lenge vi skal halde på, seier Wennesland.