Fritt Ords Honnør til Utøya

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei får prisen for å ha gjort ein åstad for terrorangrep og massedrap til ein arena for kunnskap, diskusjon og motstand, skriv Fritt Ord i ei pressemelding.

– Frå å ha vore åstad for det verste terrorangrepet i noregshistoria har Utøya vorte omskapt til ein open og inkluderande arena for å diskutere og lære. Aktivitetane på øya viser at kunnskap kan overvinne framandfrykt, hatytringar og konspirasjonsteoriar, seier styreleiar Grete Brochmann i Stiftinga Fritt Ord.

Etter angrepet på Utøya der 77 personar vart drepne 22. juli 2011, var det uvisse om kva som skulle skje med øya og aktivitetane der. I åra etter angrepet har det komme på plass eit læringssenter som heiter Hegnhuset. Der blir nokre av historiene frå 22. juli fortalde. Samtidig er eit nytt konferansesenter bygd ved sida av huset.

– Dagleg leiar Jørgen Watne Frydnes har spelt ei avgjerande rolle for resultata til at det nye Utøya i dag er ein av dei viktigaste lærings- og debattstadene i Noreg, grunngir stiftinga.

Hegnhuset på Utøya er nå et minne- og læresenter som er bygget rundt og over kafébygget der 13 ungdommer ble drept 22. juli 2011. I alt 69 personer ble drept under terrorangrepet.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Prisvinnaren: – Stort

Prisen består av ein sum på 100.000 kroner og ein krystallvase. Prisen blir delt ut av styret for Fritt Ord for verdifullt virke i teneste for det frie ordet.

– Det er stort for oss her på Utøya å få denne prisen for arbeidet vårt, seier Frydnes sjølv.

Målet til Utøya er i dag å minnast dei som vart tapt 22. juli og styrkje den demokratiske kompetansen til ungdom

– Vi trur at kunnskap overvinn framandfrykt, hatytringar og konspirasjonsteoriar.

Les også: – Barna må få vere med i samtalen om 22.juli

Støre: Fortent pris

Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier til NTB at prisen er fortent, og at det er viktig at ein ikkje gløymer det grufulle som skjedde for ti år sidan.

– Vi i storsamfunnet må la oss inspirere av AUF og Utøya-stiftinga og forsterke kampen vår mot ekstremisme, for kreftene som truar demokratiet vårt lever dessverre i beste velgåande, seier han.

Astrid Hoem, leiar av AUF, seier dei er takksame og stolte for at Utøya får prisen.

AUF-leiar Astrid Hoem. Foto: AUF

– Eg er stolt av den jobben som har vorte gjort for at Utøya er det det er i dag. Det er mange som fortener takk. Og spesielt innsatsen Jørgen Frydnes har lagt ned over fleire år, seier Hoem.

Tysdag 20. juli vil det i samband med 10-års markeringa til 22. juli bli arrangert demokrativerkstad på Utøya. På arrangementet vil norske og internasjonale deltakarar frå politikk, forsking, utdanning og sivilsamfunnet møtast.


Les også om Unge Venstre leiaren som seier unnskyld til AUF: AUF har heilt rett. Dei har stått åleine i ein kamp vi burde kjempa saman med dei.

Sondre Hansmark er leiar i Unge Venstre. Foto: Johan Malvik.