Ti år etter 22. juli: Barneombodet vil ha mindre utgreiing og meir handling mot radikalisering

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho peikar på at ein 16-åring nyleg vart dømd til fem års fengsel for terrorførebuingar og deltaking i terrororganisasjonen IS.

– Ein veit allereie mykje i dag. Mange av faktorane som fører til radikalisering, er dei same faktorane som aukar risikoen for å gjere seg skuldig i kriminalitet generelt. Utfordringa mi til politikarane er å ikkje berre greie ut og finne årsaker til radikalisering og utanforskap, seier Bejer Engh til NTB.

– Handlar om å bruke penger tidleg

Ho meiner det viktigaste er å gjere noko med kunnskapen ein får. Barneombodet ønskjer seg fleire modige politikarar som tør å bruke pengar sjølv om det ikkje får resultat innanfor same fireårsperiode.

– Vi veit veldig mykje om kvifor ungdom fell ut, men vi er ofte ikkje i stand til å gjere noko med det. Det handlar om å bruke pengar tidleg, på ting som kanskje ikkje får resultat før om 15–20 år.

Barneombod Inga Bejer Engh vil ha meir handling mot radikalisering og utanforskap. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Bejer Engh er forundra over prioriteringa av ressursar. Ho seier Noreg bruker mykje pengar seint i prosessen, for å reparere skadar frå kriminalitet, men lite pengar til førebygging.

– Det blir snakka mykje om kor dyre plassane er i ungdomsfengsla i Bergen og Eidsvoll. Det forundrar meg at ein ikkje klarer å bruke pengane målretta og tidleg, og spare mange av desse tunge utgiftene på slutten, seier barneombodet.

Måtte ta nye grep i 22. juli-rettssaka

Sidan 2018 har rolla til Inga Bejer Engh vore å følgje med på at rettane til barn blir varetekne. I 2011 var ho statsadvokat og førte saman med Svein Holden rettssaka mot Anders Behring Breivik. I ei sak der det var fleire hundre fornærma, mange av dei mindreårige, måtte det gjerast spesielle vurderingar.

Mellom anna vart ei rekkje av Breiviks drapsforsøk samla i ei felles skildring, medan ein plukka ut nokre få til å forklare seg i rettssaka.

– Det hadde vi aldri gjort før. Det var heilt nødvendig, om vi skulle behandla kvart individuelle tilfelle, hadde vi nesten framleis sete der. Det var krevjande å skulle kommunisere dette til dei fornærma, men vi opplevde forståing for at det var sånn vi måtte gjere det, seier ho.

For tida blir det jobba med å utvide moglegheita for å bruke felles skildring i straffesaker med mange fornærma ved nettovergrep. Bejer Engh peikar mellom anna på at det dreier seg om nettovergriparar som ofte har forgripe seg på mange titals barn.

– Det reiser mange vanskelege problemstillingar, men vi må ha debatten, seier ho.

Les også om forfattar Thomas J.R. Marthinsen som har skrive boka «La oss snakke om 22.juli»: – Barna må få vere med i samtalen om 22.juli. 

– Vi gløymer ar det er ein stor gruppe som treng støtte i lang tid

I ettertid har mange fornærma og etterlatne i samband med 22. juli-angrepa fortalt om svært varierande oppfølging frå det offentlege. Bejer Engh meiner det er ei strukturell utfordring for det norske systemet som ligg bak. Før 22. juli-rettssaka var ho aktor i alvorlege drapssaker og andre saker der fornærma og etterlatne hadde vorte alvorleg traumatiserte.

– Det er ikkje berre dei som var ramma av 22. juli som opplever den tomleiken og mangelen på oppfølging. Når saka er ferdig, tenkjer vi at vi går vidare, og så gløymer vi at det er ei stor gruppe som treng støtte i lang tid, seier ho.

Inga Bejer Engh trur opplevingane frå rettssaka bidrog til å styrkje henne som barneombod. Ho fortel at ho lærte over natta å handtere media, og heile prosessen gjorde henne meir uredd.

– Under rettssaka og i samband med tilrekneleghetsspørsmålet fekk eg ei slags øving i å stå i noko og meine noko, sjølv om ikkje alle nødvendigvis var samde.

– Ingen spor av vurderingar

Nyleg sette ho ord på dette i ein kronikk i Aftenposten , der ho beskriv tre store kriser som har sett norske rettsprinsipp på prøve: landssvikoppgjeret etter 2. verdskrig, terrorhandlingane 22. juli og pandemien. Ho seier ho prøver å belyse korleis sterke kjensler i eit samfunn kan påverke oss, anten vi er avgjerdstakarar eller vanlege samfunnsborgarar.

– Det slo meg veldig då pandemien kom, at det vart gjort inngrep i grunnleggjande rettar som mellom anna retten til utdanning, der ein ikkje kunne sjå at styresmaktene hadde vege ulike grunnlovfesta menneskerettar opp mot kvarandre, seier ho.

Også koronakommisjonen har komme med liknande kritikk av regjeringa i rapporten sin, som vart gitt i byrjinga av mai. Bejer Engh presiserer at inngrep i grunnlovsrettar kan gjerast, men at det må skje etter bestemde reglar. Viss ikkje, er det ein fare for at inngrepa blir meir omfattande eller langvarige enn nødvendig.

– Det var vanskeleg å sjå at desse reglane vart følgde. Det berre skjedde, utan stor reaksjon. Kva er det som gjer at så lenge vi blir beskytta, så aksepterer vi det meste, spør barneombodet.

Vart pressa med ønske om å senke tilrekneleghetskravet

Etter 22. juli opplevde ho ein liknande situasjon. Ho beskriv i kronikken korleis det frå fleire hald vart uttrykt eit ønske om at aktoratet burde argumentere for å senke beviskravet for å vere tilrekneleg. Ønsket kom òg frå grupper og personar som vanlegvis har som jobb å sørgje for at rettstryggleiken blir vareteken.

I eit intervju våren 2012 uttalte til og med dåverande statsminister Jens Stoltenberg at mange ville kjenne det som ei lette dersom domstolen kom fram til at Breivik var tilrekneleg.

– Når ein ser kva kriser kan gjere med oss som samfunn, både oppgjeret etter krigen, 22. juli og pandemien, er det viktig at vi alle er klar over det, også avgjerdstakarar og media, seier ho.


Les også: Ungdomspartia fekk større plass i media åra etter 22.juli 2011. Sidan har det gått nedover: – Fortener å bli tatt på alvor. 

Isa Maline Isene er leiar for Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner. Foto: Sverre Øygarden Eikill, LNU