Natur og Ungdom jublar over olje-nei

Den nye regjeringa i Grønland har vedtatt stopp i oljeleiting, trass store potensielle oljeressursar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ein stor siger for klima, og avgjerda kan få stor sprengkraft inn i både norsk oljedebatt og klimaforhandlingane i haust, seier Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Therese Hugstmyr Woie

Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie. Foto: Thor Due, Natur og Ungdom

– Stadig fleire land vedtar å stoppa leiting etter meir olje, og Grønland er eit av landa så langt med størst anslåtte oljeressursar, seier ho.

Store oljeressursar

Det er anslått at oljeressursane utanfor Grønland kan tilsvara Noregs resterande oppdaga og uoppdaga ressursar.

– Den norske regjeringa har freista å lukka auga for IEAs rapport om at det ikkje er plass til fleire oljelisensar i ei verda som oppnår klimamåla, og avgjerda frå Grønland viser endå tydelegare kor bakstreversk Noreg er, seier Therese Hugstmyr Woie.

– Press på Noreg

– Etter stortingsvalet i Noreg i haust kan ikkje ei ny regjering sleppa unna med å seia at Noreg skal vera det siste landet som stoppar oljeproduksjon. Grønland grunngir avgjerda si med klima, men òg at det arktiske miljøet er sårbar og at ein må verna fiskeria. Dette bør legga eit stort press på Noreg, som er det landet i verda som ivrar mest etter oljeboring stadig lengre nord i Barentshavet, seier Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom