Unge med sommarjobb: Arbeidskontrakt er det viktigaste
LOs sommarpatrulje reiser rundt i landet for å vitje unge arbeidstakarar. – Mange får ikkje arbeidskontrakt, seier rådgjevar for patruljen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvar sommar reiser LOs sommarpatruljar rundt i Noreg for å sjekke om alt er som det skal for studentar og andre med sommarjobb, skriv Khrono.
I fjor sommar vart det avdekt rekordmange brot på arbeidsmiljølova.
– Unge er særleg utsette i arbeidslivet, seier rådgjevar for sommarpatruljen, Bjarne Lagesen.
Det kan kome av fleire ting seier han. Unge arbeider i større grad i bransjar der arbeidsmiljølova blir broten, og så er ein som regel uorganisert. Dess eldre ein blir, dess meir klar over kva rettigheiter ein kanskje har krav på.
Nesten vaksen: Skal du ha sommarjobb? Dette må du hugse på!
Den store auken frå i fjor kan kome av den tøffe konkurransen, og at folk er meir villige til å godta dårlege arbeidsvilkår, seier Lagesen.
For unge arbeidstakarar har Lagesen nokre gode råd: Det viktigaste er å sørgje for å ha arbeidskontrakt. Det er òg lurt å forsikre seg at ein får lønnsslipp, så ein veit ein blir trekt i skatt. Mangel på vaktlister i tide og overtidsbetaling er òg vanlege problem, og som ein burde ha i orden, seier han. (©NPK)