Lange ventelister for å ta lappen
Fleire køyreskular har ikkje ledig før i oktober.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det verkar som at det er fleire som ønskjer å ta førarkort for å sleppe å ta kollektivt på grunn av korona, seier Vibeke Delesand Blikra i Vegvesenet i Vestfold og Telemark til NRK.
Seniorrådgjevar i Statens vegvesen, Lasse Hasli, seier at pandemien har vore ein sentral grunn til dei lange ventelistene.
LES OGSÅ: Frp føreslår å la 17-åringar ta lappen
Sensorar har blitt påverka av karantene, sjukdom og ventekarantenar. Han fortel at dei har prøvd å korte ned køane ved å tilsette fleire sensorar, og at sensorane arbeider overtid, ettermiddag, kveld og helger.
Hasli håper og trur situasjonen vil normalisere seg mot nyttår. (©NPK)
LES OGSÅ: 16-åringar får køyre mopedbil