Turklede fører til millionar av mikrofiber i havet på Svalbard

I Longyearbyen slepper dei ut like mykje mikrofiber som i millionbyen Vancouver. Dette bekymrar forskarane.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny studie viser at Longyearbyen sine 2400 innbyggjarar sørgjer for å sleppe ut like mykje mikrofiber i havet som reinseanlegget til 1,3 millionar menneske i storbyen Vancouver, skriv NRK Troms og Finnmark.

Norsk institutt for luftforsking, UiT Noregs arktiske universitet, Akvaplan-niva og Havforskingsinstituttet har sett på mengda av mikrofiber som finst i avlaupsvatnet.

Rett i havet

Grunnen til at Longyearbyen slepper ut like mykje mikrofiber som ein av Canada sine største byar, er fordi avlaupsvatnet blir sloppe rett ut i havet.

Dessutan blir det brukt meir turklede av syntetiske materiale i byen på Svalbard, samanlikna med andre stader i landet.

Jan Sundet i Havforskingsinstituttet seier det er vanskeleg å vite kva konsekvensar desse utsleppa har på havet, fordi ein førebels har lite dokumentasjon.

Bekymra for fisken

Claudia Halsband ved Akvaplan-niva fortel at dei er bekymra for at fisk og andre organismar i havet kan få i seg mikrofibrar på same måte som mikroplast.

Studien som er gjort peiker på at delar av problemet ligg i infrastrukturen. Halsband håper studien kan setje søkelyset på behovet for betre infrastruktur i små samfunn og sårbare område.


Bilete teke frå lufta under MOSAiC-ekspedisjonen. Foto: Alfred-Wegener-Institut / Michael Gutsche (CC-BY 4.0)