Skuffa over regjeringa sitt nye klimamål: – Skyver ansvaret vidare

Regjeringa vil kutta utsleppa med 70–75 prosent innan 2035. Spire meiner regjeringa i for stor grad opnar for å kutta gjennom kvotekjøp.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

I går kveld gjekk klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) på talarstolen under Arbeidarpartiets landsmøte for å annonsera regjeringa sine nye klimamål.

70–75 prosent kutt innan 2035

Ifølgje SSB har Noreg kutta utsleppa med 9,1 prosent samanlikna med 1990-nivå. Regjeringa føreslår no å redusera utsleppa med minst 70–75 prosent innan 2035, samanlikna med 1990-nivået. Målet skal nedfellast i klimalova og meldast inn til FN etter Parisavtalen.

– Målet er eit rettferdig og ambisiøst bidrag, som er i tråd med å halde den globale temperaturauken til under 1,5 grader, sa klimaministeren ifølgje NRK.

– For at verda skal nå 1,5-gradersmålet, må dei globale utsleppa reduserast med 60 prosent innan 2035. Det er difor viktig at eit rikt land som Noreg no føreslår eit mål som ligg godt over dette.

Klima- og miljøministeren opplyser om at målet skal innfris hovudsakleg gjennom nasjonale tiltak og samarbeid med EU.

Spire: – På tide å setja eit ekte mål

Leiar i Spire, Elise Åsnes, er skuffa over framgangsmåten regjeringa har sett for å oppnå målet.

– Regjeringa sviktar totalt. I staden for å kutta utslepp her heime, skyv dei ansvaret vidare med kvotekjøp og eit heilt utilstrekkeleg mål, seier Åsnes i ei pressemelding sendt via e-post.

Ho viser til at regjeringa lova meir klimapolitikk etter brotet med Senterpartiet.

– No viser dei at det berre var tomme løfte, meiner Åsnes, som ber Stortinget ta grep.

– Dei kan ikkje la regjeringa sleppe unna med ein så lågmåls politikk. Det er på tide å setja eit ekte mål for utsleppskutt i Noreg, avsluttar Åsnes.