Forskarar laga musikk av spindelvev
Forskarar ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i USA har gjort spindelvev om til musikk, og seier at ein snart kanskje kan forstå språket til edderkoppar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarlaget har samarbeidt med MIT si eiga musikkavdeling og kunstnaren Thomás Saraceno, som tidligare har laga fleire spindelvev-kunstverk.
– Sjølv om spindelvevar ser veldig tilfeldige ut, er det faktisk mykje struktur innvendig. Ein kan visualisere dei og sjå på dei, men det er veldig vanskeleg for mennesket sin fantasi eller hjerne å forstå alle dei strukturelle detaljane.
Dette sa ingeniørprofessor ved MIT, Markus Buehler, då han la fram arbeidet på det digitale møtet til American Chemical Society i april.
Han forklarte også til CNN at når ein bevegde seg gjennom ein virtuell spindelvev med musikk, fekk ein ein betre idé om korleis eddekoppar ser verda. Dette fordi musikken lar ein sjå og høyre dei strukturelle forskjellane i edderkoppnettet.
Kommunisere med edderkoppar
Edderkoppar lagar vibrasjonar når dei gjer ulike aktivitetar, som når dei lagar spindelvev, paringslydar, eller kommuniserer med andre edderkoppar. Forskarane har teke opp desse og nyttar kunstig intelligens for å skape samanfattande versjonar.
Buehler seier dei kanskje kan klare å snakke språket til edderkoppar, og sende vibrasjonar tilbake slik at edderkoppen kan svare på signala på éin spesiell måte.
Forskinga blei forseinka på grunn av pandemien, og pågår framleis.
Liknande teknikkar for å sjå forskjell på koronavaksinar
CNN skriv at Buehler lenge har interessert seg for koplinga mellom musikk og materiale på det dei kallar molekylært nivå.
Han har brukt liknande teknikkar for å vise dei subtile forskjellane mellom koronavaksinane (Pfizer/Biontech og Moderna), og mellom to ulike variantar av covid-19.
- Les også: Helterotta Magawa skal pensjonera seg