Helterotta Magawa skal pensjonera seg

Fem år etter at rotta Magawa byrja å leita etter landminer og andre farlege gjenstander i Kambodsja, skal han pensjonera seg.

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv om han framleis har god helse, har han nådd pensjonsalder og byrjar å roa ned. Det er tid for å pensjonera seg, seier APOPO i ei sak hjå KidsNews.

Den gambiske hamsterrotta Magawa er den mest vellukka gnagaren som nokon gong har jobba med å lukta etter landminer og andre farlege gjenstandar. Han har vorte trent opp av den belgiske organisasjonen APOPO.

I følgje organisasjonen har han rydda meir enn 141. 000 kvadratmeter land og funne 71 landminer. Arealet han har tatt for seg, tilsvarar omtrent 20 fotballbanar. I fjor fekk Magawa heltemedalje for den livreddande innsatsen sin!

Late dagar ventar

Når han no skal pensjonera seg som 7-åring, kjem Magawa til å bu i det same buret og ha dei same rutinane som han pleier. Lily Shallom, som er talskvinne for APOPO, fortel at den einaste skilnaden er at han ikkje lenger kjem til å gå ut på minefelta for å leita etter landminer.

Gnagaren kjem til å eta den same maten, leika og trena slik som han pleier.

APOPO fortel at Magawa for det meste et fersk frukt og grønsaker i tillegg til litt soltørka fisk for protein og pellets for vitamin og fiber. I 20–30 minuttar om dagen blir han sloppen ut i eit større bur der han kan kosa seg med leikeapparat som sandkasse og løpehjul.