Skal du stemme i sametingsvalet? Da må du registrere deg i dag!

Karine Jonsrud Pedersen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein kan registrere seg ved å fylle ut eit skjema på Sametinget sine nettsider.

Registreringsskjema kan også bli sendt i posten, men må være hos Sametinget innan midnatt 30. juni i valåret. Det er derfor for seint å gjere dette viss ein ønskjer å stemme i valet 13. september, og ikkje har posta brevet enda.

Ein må også ha fylt 18 år eller bli 18 år i løpet av 2021 for å ha stemmerett. 

Oppfattar du deg sjølv som same?

Samtinget.no forklarar også kva som skal til for å bli med i valmanntalet:

– Når du registrerer deg må du avgi erklæring om at du oppfattar deg sjølv som same og at du anten har samisk som heimespråk eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk eller at du er barn av ein person som står eller har stått i valmantalet, skriv Samtinget på nettsida si.

Andre reglar for dei som ikkje er frå Noreg

Sametinget opplyser også om at viss du er same frå Sverige, Finland eller Russland og vil registrere deg i valmanntalet, må du ha vore folkeregistrert i Noreg dei siste tre åra.


  • Les også om Ina-Theres (25) som er reindriftutøvar: – Det er ikkje berre ein jobb

    Ina-Theres Sparrok har alltid visst ho vil drive med rein, slik som generasjonane føre ho. Foto: Privat