No kan du sjekke ut «gamaldags Tinder» på museum

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under tittelen «Bill.mrk. Jakten på den rette» skal ulike typar kontaktannonsar visast.

At det er postmuseet på Maihaugen på Lillehammer som tek for seg dette, er passande. For dette gjekk ofte føre seg i brevform, med handskrivne, private brev som svar på kontaktannonsane i både store dagsaviser og i ulike livsstilsmagasin «retta mot spesielle lesargrupper», ifølgje pressemeldinga.

– I utstillinga ønskjer vi å gi eit innblikk i korleis jakta på ein partnar kunne gå føre seg gjennom kontaktannonsar før internett og mobiltelefon vart dominerande, seier museumskonsulent på Noregs Postmuseum Siren Hjertenes.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Eirik Lande (@tinder_i_gamledager)

Kjærleik frå 1890 til 2021

Utstillinga på Maihaugen vil vise kontaktannonsar heilt frå 1890 til i dag. Format og endringar kjem til syne i takt med tida og den teknologiske utviklinga. Publikum kan òg lytte til opplesne annonsar som formidlar kjensler skrivne i brevform.

– Medan praktiske og økonomiske forhold var det viktige for annonsørane på slutten av 1800- og utover på 1900-talet, vart ønsket om kjærleik og selskap i større grad framheva som motiv etter 1950, seier Hjertenes.

Ei eigen bolk er vigd døme plukka ut av Eirik Lande, som har gjort eit djupdykk i norske kontaktspalter. Lande står bak Instagramkontoen «Tinder i gamle dager» og to bøker med same tittel.

Eirik Lande driv Instagramkontoen Tinder i gamledager, og har gjeve ut fleire bøker med skattar han har funne blant kontaktannonsene. Skjermdumpar frå Instagramkontoen: @tinder_i_gamledager


Les også om Tinder-prosjektet, der Framtida-journalisten spurde matchane sine «Kva tid grein du sist?»

49 av 210 personar svarte på spørsmålet: «Når grein du sist?»