Sjøfartsdirektoratet ønskjer å endra regelverket slik at unge båtførarar kan køyra litt fortare. I sommar kan fartsgrensa på 10 knop til sjøs for dei under 16 år bli endra.
mm

Denne saka stod først publiert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om familien som har hendene fulle med lamming eller få fisketips av Saga Aurora (7)

Birk Phuangkaew Hesjedal og Kristoffer Moe Tungesvik er to av mange unge som kan gleda seg over at det er ei regelendring på gang.

Sjøfartsdirektoratet ønskjer at barn og unge kan få lov å køyra båtar som er raskare enn 10 knop, men med maks 10 hestekrefter. No skal Næringsdepartementet vurdere saka.

Birk (15) håpar regelendringa kjem så tidleg som mogleg i sommar.

– Eg fekk eigen båt av bestemor i fjor. Det blei mykje køyring då, og det hadde vore fint å kunne køyra litt fortare denne sommaren, seier Birk.

Båten hans har 10 hestekrefter og kan gå fortare enn 10 knop.

Vanskeleg utan knop-målar

Kristoffer (14) fekk også eigen båt i fjor vår.

– Ei regelendring hadde gjort det betre for oss. Det er ikkje alle båtar som har knop-målar, så det er ikkje alltid så lett å vite kor fort ein køyrer. Min båt har også 10 hestekrefter, men eg har ikkje målar så det er vanskeleg å vita om eg køyrer for fort, fortel Kristoffer.

Gutane tek båtførarprøven den dagen Framtida Junior møter dei i Skånevik.

– Eg tek båtførarprøven no for å bli meir trygg på reglane. Og det blir fint å viss eg skal køyra større båt seinare, fortel Kristoffer.

– Ja, det er veldig greitt å ha, seier Birk.

EKSAMEN: Gutane tek båtførerprøven den dagen Framtida Junior møter dei i Skånevik. Foto: Janne Nerheim

Birk og Kristoffer er ikkje dei einaste som meiner det er greitt å ha båtførarlappen. Ifølgje NRK hadde 43 prosent fleire teke båtførarprøva innan juni i år, samanlikna med same periode i fjor, og det ligg an til å verte eit rekordår.

Sjøfartsdirektoratet ønskjer ei endring

Sjøfartsdirektoratet ønskjer å endra regelverket.

Dag Inge Aarhus er avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet. Foto: Sjøfartsdirektoratet

– Vi veit at mange foreldre er flinke til å læra barna å bruka båt, men veit og at mange synest det er vanskeleg å halda seg innanfor 10 knop-grensa. Dette skuldast at dei fleste små båtar går fortare enn 10 knop sjølv med ein veldig liten påhengsmotor, seier avdelingsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.

Han fortel at det er svært sjeldan unge under 16 år kjem ut for alvorlege ulykker på sjøen. Men dei vil følgja nøye med. Dersom regelendringa gjer at det blir fleire ulykker, må heile forslaget vurderast på ny, ifølgje Aarhus.

Positiv næringsminister

Næringsminister Iselin Nybø (V) er positiv.

– Vi ynskjer å forenkla regelverket for unge båtførarar og vi vil jobba raskt for å få det til. Å køyra båt er ein fridom eg unner dei unge i sommar, men då er det viktig at ein køyrer ansvarleg og trygt. Vi håpar på å få ei regelendring innan første halvdel av sommaren, seier næringsminister Iselin Nybø til Framtida Junior.

VIL FORENKLA: Næringsminister Iselin Nybø (V) er positiv. – Vi ynskjer å forenkla regelverket for unge båtførarar og vi vil jobba raskt for å få det til. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ein av dei mange lesekrokane til Annette: Foto: Peder Skjelten
Oppdatert: torsdag 24. juni 2021 09.58

LES OGSÅ

ANNONSE