Bokmelding: Gut, jente, juni, juli – Den perfekte sommarboka

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frode Grytten (f. 1960) har eit breitt forfattarskap og har nådd ut til eit stort publikum. Han har mellom anna vunne Brageprisen, Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris, og bøkene hans er omsette til 16 språk. No er han ute med ei ny novellesamling som absolutt lever opp til forventningane.

I Gut, jente, juni, juli finn ein tolv korte sommarnoveller der gutar og jenter, menn og kvinner, av ulike årsaker kastar seg i vatnet og legg på sym.

Det er ingen tvil om at novellesamlinga både er godt gjennomført og gjennomtenkt – skriven på ein måte berre Frode Grytten kan skrive. 

Levande skildringar som gir inntrykk 

I novellene skildrar Grytten ulike menneske, i ulik alder og av ulike kjønn på ein truverdig måte. Skildringane gjer at ein lever seg inn i handlinga, i miljøet og i menneska som blir skildra. Det gjer at ein som lesar føler at ein glir inn i landskapet, noko som gjer at inntrykka sit i hugen i lang tid etter ein har lese det. 

Som tittelen indikerer er kjærleik ein gjennomgåande tematikk, men novellene rører òg ved andre universelle tema som livet og døden – innhylla i eit slør av melankoli:

«Han er forelska for første gong i livet, og han visste ikkje at det skulle vere så forferdeleg. Han lengtar etter ho, men lengtar ho etter han?»

Sjølv om tematikken varierer, er vatn og symjing eit motiv som alle novellene har til felles:

«Eg står heilt framme på stupebrettet, ser vassflata under meg, kan sjå botnen av bassenget. Trådar av lys vrir og vender på seg i vatnet. Eg kjenner meg svimmel og kortpusta. Kvar muskel er spent. Så kastar eg meg ut og forsvinn inn i denne eksplosjonen av lysande partiklar.» 

Sitatet viser at historia er verkelegheitsnær fortalt med eit vakkert språk fullspekka av symbolikk. Det er noko som særleg viser seg i den avsluttande novella «Sommar for lenge sidan», der han gjennom å fortelje frå eige liv beveger seg inn i verkelegheitslitteraturen. Her får ein høyre om Grytten sine eigne minne om bestefaren som ikkje kunne symje, foreldra og hans eiga symjeopplæring, til den gongen hans eiga dotter la ut på sym på djupt vatn for aller fyrste gong. 

Uoriginal idé

Sjølv om novellesamlinga er briljant på mange måtar er ideen langt i frå original. Dette minner meg om ting Grytten har skrive tidlegare og idear eg har vore borti hjå andre forfattarar. Sjølv om språket og stilen er særeige, beveger han seg likevel i trygt farvatn. Det gjer at eg kunne ynskje at han hadde tort å satse meir ambisiøst og bryte nokre fleire grenser. 

Trass det, er dette noko av det beste eg har lese på lenge. Det gjer at dersom du vil ha ei lettlesen bok, som likevel ber med seg tyngd og substans, er dette ei absolutt anbefaling å ta med seg ut i sommarsola! 


Odda-forfattar Frode Grytten (59)debuterte allereie i 1983 med diktsamlinga «Start» på Aschehoug. Det gamle biletet er portrettet som pryda innsida av omslaget. Foto: Linn Heidi Stokkedal/Samlaget og Hans Jørgen Brun/Aschehoug

Fakta

Forfattar: Frode Grytten

Utgitt: 2021

Sjanger: Noveller

Forlag: Forlaget Oktober

Sider: 187