Ravatn kan bli den første norske vinnaren av Dagger-prisen

Agnes Ravatn er blant fem finalistar som knivar om pris for årets beste krimroman som er omsett til engelsk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Agnes Ravatn kan dermed bli den første norske forfattaren til å vinne den internasjonale Dagger-prisen.

Ravatn er nominert for den siste romanen sin, «Dei sju dørene», som vart gitt ut på engelsk med tittelen «The Seven Doors» i fjor.

Ravatn er tredje norske forfattar som når finaleheatet til Dagger-prisen, både Jo Nesbø og Jon Michelet har vore nominerte.

Omslag: Samlaget

Anerkjend pris

Om Ravatn vinn prisen, får vite 1. juli når vinnaren blir offentleggjord under eit arrangement i London.

Dagger-prisen blir årleg delt ut av den britiske krimforfattarforeininga, og den er blant dei mest anerkjende internasjonale krimprisane.

Agnes Ravatn står for ein stor produksjon av bøker, og ho skriv både romanar og sakprosa. «Dei sju dørene» har òg begeistra her heime, der boka fekk Bokbloggerprisen, og dessutan vart nominert til Rivertonprisen.


Er du glad i krim? Då kan du teste kor mykje du har fått med deg i denne krim-quizen!

Foto: Maxim Hopman, Unsplash, BBC, Heiko Junge / NTB, kollasj Framtida.no