Åtvarar mot å gløyme naturen i havvindpolitikken

Naturvernforbundet og Norsk Ornitologisk Forening meiner at utbygging av havvind potensielt kan få alvorlege miljøkonsekvensar for mellom anna sjøfugl og sårbare marine økosystem.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Derfor bør regjeringa utvikle eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag og ein strategisk overordna plan for havvind som tek vare på naturmangfald, før nye område blir opna, meiner dei.

– Konsesjonssystemet for vindkraft på land har tillate utilgivelege inngrep i norsk natur. Samtidig har forvaltninga av havområda våre ført til store arealkonfliktar. Næringsverksemd og klimaendringar har gitt ein kraftig nedgang i viktige bestandar av fisk og sjøfugl. Når regjeringa skal i gang med konsesjonsbehandling av vindkraft til havs, må føre-var-haldninga leggjast til grunn, skriv organisasjonane i ei pressemelding.

– Utbygging av vindkraft på land har ført til enorme konfliktar med natur og naturbaserte næringar. Konsesjonssystemet har vist seg å vere heilt utilstrekkeleg for å handtere miljøomsyn og omsyn til andre næringar. Vi treng eit betre system denne gongen, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Nok vindkraft i Europa til heile verda

– Det som hastar mest er å få på plass marint vern av den viktigaste havnaturen og ein handlingsplan for hardt prøvde sjøfuglbestandar i stor nedgang. Det er derfor urovekkjande at ein plan for utbygging av vindkraft til havs skal lagast først. Det er eit teikn på at naturkrisa ikkje blir teken på alvor, seier generalsekretær i Norsk Ornitologisk Forening (NOF), Kjetil Solbakken. (©NPK)