Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Cate Blanchett i hovudrolla som Clara er ein draum, eventuelt den noko yngre Elisabeth Debicki. Av norske: Ellen Dorrit Petersen.

Forfattar Ruth Lillegraven treng ikkje lure lenge på kva for ei av sine eigne bøker ho helst ville sett filmatisert. Filmrettane til krimdebuten Alt er mitt er allereie selde til Nordisk Film i Danmark.

Av mitt blod er den andre boka i ei planlagt trilogi. Omslag: Kagge Forlag

No er Lillegraven aktuell med si andre krimbok Av mitt blod, som til no har vorte rosa av kritikarane. Framtida.no sin meldar trilla ein femmar, og skreiv at Lillegraven skildrar handlinga «så godt at det ikkje er eit kjedeleg sekund i lesestunda».

Sjølv anslår Ruth Lillegraven at ho les kring femti-seksti bøker i snitt kvart år, men ho synest det har blitt altfor lite lesing det siste året:

– Så no må eg sveive meg i gang att. 

Vidarefører lesetradisjonen

Forfattaren fortel at då ho var lita, var det faren som las til ho.

– Det var så fint. No prøver eg lese til mine eigne gutar kvar kveld, og det skal eg gjere så lenge eg får lov.

Ruth Lillegraven fekk høyre alt frå folkeeventyr til Guro på Tirilltoppen, og les sjølv alt mogeleg rart til sine eigne born.

– Men det har vore veldig koseleg å lese gamle klassikarar som Roald Dahl og Astrid Lindgren til dei – og moderne klassikarar som Maria Parr sine fantastiske bøker. Dei elskar eg verkeleg. 

– Dei fleste bøker får meg til å tenkje, eigentleg. Hanya Yanagiharas Et lite liv var ei bok som fekk meg både ti å grine le, verte sint og tenkje, fortel Ruth Lillegraven. Bøker som skildrar urettferd vert ho sint av.

Vi har kika i bokhylla til forfattaren: 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Der ligg det mange, gitt. Mellom anna ei halvvegs fullført bok av Julian Barnes, som eg likte veldig godt, eg må berre få lese ho ferdig. Heidi Linde sin nyaste roman ligg der, og Eivind Riise Hauge sin nyaste også. Og så håpar eg å få tak i Sandra Kolstad sin debutroman, så han ligg der snart også, fortel Lillegraven og held fram: 

– Av dikt håpar eg blant anna å få lese Karoline Brændjord si veldig prisløna Jeg vil våkne til verden snart. 

Kva bøker les du helst?

– Eg likar romanar, altså. Eg er jo først og fremst diktar sjølv, og burde lese meir dikt, men det blir romanar eg sluker. Ikkje først og fremst krim, sjølv om eg skriv det sjølv, men romanar. 

Kor les du?

– Gjerne i senga eller i sofaen.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Blant anna Roy Jacobsen si Seierherrene.

Seierherrene (1991) var Roy Jacobsen sitt store gjennombrot som forfattar. Han vart løna med Bokhandlerprisen for romanen, og vart òg nominert til Nordisk Råds Litteraturpris. Foto: Therese Jægtvik/Cappelen Damm

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Ah, det er mange, det. 

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Godt og rytmisk språk, truverdige og samansette karakterar, humor, kjensler – og at det er ei god historie. 

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Dei som fomlar og famlar og rotar ting til for seg sjølv. 

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag? Kva ville du servert?

– Ah, eg er ikkje veldig god til å lage mat, men me har mykje god hjort frå skogane rundt heimgarden i Granvin, så kanskje noko med hjort? Fersk aure eller røye rett frå Granvinsvatnet og på bålpanna er også fortreffeleg.

Ruth Lillegraven fortel at det finst mange kandidatar til ein middag i Hardanger.

Sigrid Undset i 1928. Foto: Alvilde Torp/Nasjonalbiblioteket via Flickr

– Det er freistande å møte nokon av dei som ikkje finst meir: Sigrid Undset må ha vore ei sterk kvinne, til dømes. Eg skulle gjerne møtt ho, høyrt korleis ho fekk til alt ho fekk til, fortel Lillegraven og held fram: 

– I motsett ende kunne det vore fint å fått samla eit koppel av mine støttande, fine, flinke kollegaer, dei som også er gode vener. 

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Jon Fosse, kanskje. Eller Olav H. Hauge. Dei to «hardinga-kongane». Men eg hadde fått fleire bøker og sjangrar å velje i om eg svarte Fosse, så kanskje han, ja.

Om ho berre skule lese ein forfattar resten av livet hadde valet stått mellom Jon Fosse og Olav H. Hauge, fortel Ruth Lillegraven. Foto: Tom A. Kolstad/Samlaget, Jan Kløvstad/Samlaget


Forfattar Marianne Clementine Håheim er ho aktuell med romanen «Plikt». Foto: Andreas E. Nygjerd, Forlaget Oktober. Kollasj: Framtida.no

Ruth Lillegraven

Alder:  42

Frå:  Granvin, Voss/Hardanger

Utdanning: Marknadsføring og informasjon

Yrke: Forfattar