Studie: Å dele rom i Forsvaret betrar haldningane menn har til kvinner

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er tydeleg at ein kan endre haldningar. Men vi ser at haldningane går tilbake etter ei stund, seier ein av forskarane bak studien, Andreas Kotsadam frå Frischsenteret, til NRK.

Forskning.no omtalte studien først.

Forskarar frå Sverige, USA og Noreg står bak studien der 500 rekruttar frå Brigade Nord deltok.

Mennene som delte rom med kvinner, var meir positive til likestilling enn dei som ikkje gjorde det, og fekk betre haldningar til det motsette kjønn.

Men berre eit halvt år etter at rekruttperioden var over, gjekk mennene tilbake til gamle haldningar.


Bind og tampongar har vore eit tema i Forsvaret den siste tida. Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB / NPK , Unsplash. Kollasj: Framtida.no