Det britiske Yorkshire Museum når publikum på ein heilt spesiell måte. Kvar fredag tek dei til Twitter, og utfordrar andre museum til kurator-duell.
– Sosiale medium er ein av dei få måtane vi framleis kan nå publikum, så vi har arbeidd veldig hardt for å kome på innovative og interessante idear for å få folk til å prate og lære om objekta vi har, seier Lee Clark, kommunikasjonssjef for York Museum Trust, til nettstaden Bored Panda.
Førre fredag var temaet av den skumle sorten med emneknaggen #creepiestobject, og resultatet er ikkje for sarte sjeler.
Yorkshire Museum starta ballet og delte eit bilete av ein hårdott som er over 1500 år gamal, men framleis har hårnålene på plass:
MUSEUMS ASSEMBLE! It’s time for #CURATORBATTLE! ?
Today’s theme, chosen by you, is #CreepiestObject!
We’re kicking things off with this 3rd/4th century hair bun from the burial of a #Roman lady, still with the jet pins in place…
CAN YOU BEAT IT? ? pic.twitter.com/ntPiXDuM6v
— Yorkshire Museum (@YorkshireMuseum) April 17, 2020
- Sjå òg bileta frå den norske museumsduellen: Kven har kulaste dingsen?
Ariels skumle systrer
Nasjonalmuseet i Skottland var ikkje vanskelege å be, og synte fram denne havfrua dei har i si naturvitskapelege samling:
Our #CreepiestObject has to be this ‘mermaid’… ???♀️ #CURATORBATTLE #TroublingTaxidermy pic.twitter.com/GMSosyuqIX
— Natural Sciences NMS (@NatSciNMS) April 17, 2020
Som om ikkje det var nok, museet har TO havfruer:

Nasjonalmuseet fortel at bakre del av havfrua stammar frå ein type leppefisk, medan hovudet og overkroppen er ein skulptur med ein fiskekjeve i munnen. Eit slåande syn er det i alle fall.
Pestmaske
Historiemuseet i Berlin, Deutsches Historisches Museum, kunne diske opp med ei pestmaske som er over 300 år gammal:

Frostbitne fingrar
Klør du i fingrane etter eit ganske makabert syn? Militærmuseet National Army Museum i London har dei frostbitne fingertuppane til majoren Michael «Bronco» Lane til utstilling.
Han mista fingrane i 1976, då han klatra Mount Everest, men bevarte dei i formaldehyd og valde seinare å donere dei til museet.

Heks på flaske
Oxford-professoren Dan Hicks slår på stortromma og syner fram ikkje mindre enn tre objekt frå universitetet si samlinga hjå Pitt Rivers Museum.
Først ut, eit sauehjarte med spiker i som skulle bryte forheksingar:

Scarborough Collections kunne på Twitter melde om at dei hadde noko liknande i sine samlingar, nemleg eit duehjarte med nåler! Og meininga med det var å straffe ei heks.
Professor Hicks høgna, og kunne vise at Oxford hadde ei heks på flaske, som dei hadde fått av ei gammal dame for over 100 år sidan:

Frykta for hekser kan kanskje forklare kvifor nokon ein gong valde å gå rundt med tuppen av ei mennesketunge som amulett, som professoren òg synte fram:

Forheksa barneleike
Det skortar ikkje på skumle greier i Canada heller. Museumsstiftinga PEI Museum and Heritage Foundation delte eit bilete av det dei hevdar er ein forheksa barneleike.
Den fann dei visst i veggen på eit 155 år gamalt herskapshus, og om ein nokon sinne skal prise seg lukkeleg for vanskane med å kome inn på bustandsmarknaden så er det no:
Bringin’ our A-game for this #CURATORBATTLE! What is it? Just a CURSED CHILDREN’S TOY that we found inside the walls of a 155-year-old mansion. We call it “Wheelie” – and it MOVES ON ITS OWN: Staff put it in one place and find it in another spot later on…. #Creepiestobject pic.twitter.com/FQzMzacr8a
— PEI Museum (@PEIMuseum) April 17, 2020
Britiske barn har ikkje kome særleg billig unna heller, for Egham Museum kunne syne fram bevis A og B i saka «kvifor dokker er tidenes skumlaste leike».

Og Australian National Maritime Museum presenterer glatt bevis C:
Loving the weird dolls & bad taxidermy in this week’s #CURATORBATTLE. Adding these odd scrimshaw (aka whale bone) & human hair dolls to the mix. This is what happens when sailors get bored & have nothing to whittle away their time @seamuseum_ #CreepiestObject pic.twitter.com/fuwQmQVrjo
— Kate Pentecost (@kpen33) April 17, 2020
Ikkje at dokker vert særleg betre når dei har ei nytta utover leik, som denne nåleputa viser:
@RedHeadedAli how can we ignore such a call to arms?
This particular item has caused a few nightmares for our followers this week.
Our #CreepiestObject is…this pincushion! Complete with tiny children’s heads. You’re welcome, Twitter.#CURATORBATTLE pic.twitter.com/0YdmCE5dYD
— Norwich Castle (@NorwichCastle) April 17, 2020
Om du ikkje får nok skumle museumsgjenstandar, scroll deg gjennom tråden.
Men for å oppsummere Twitter-reaksjonane:
Les også: Vil ha eiga utstilling av «dei etterlatne»: – Skamutstoppa dyr treng også kjærleik
