Verdshelseorganisasjonen (WHO) har endra namnesystemet for koronamutasjonane.
NPK-NTB
NPK-NTB

Verdshelseorganisasjonen (WHO) har bestemt seg for å endre namna på urovekkjande virusvariantar til greske bokstavar for å unngå stigmatisering av landa dei oppstod i.

Så langt har fire variantar som blir klassifiserte som urovekkjande, fått nye namn:

  • Alfa = Den britiske varianten (B.1.1.7).
  • Beta = Den sørafrikanske varianten (B. 1.351)
  • Gamma = Den brasilianske varianten (P. 1)
  • Delta = Den indiske varianten (B. 1.617.2)

I tillegg er seks variantar definerte som variantar av interesse, som globale helsestyresmakter òg følgjer med på:

  • Epsilon = Amerikansk variant (B.1425/B.1.429)
  • Zeta = Brasiliansk variant (P. 2)
  • Eta = Fleire land (B. 1.525)
  • Theta = Filippinsk variant (B. 1.526)
  • Jota = Amerikansk variant (B. 1.526)
  • Kappa = Indisk variant (B. 1.617.1)

Kjelder: Verdshelseorganisasjonen, DPA


For å unngå smitte, må me mellom anna halda avstand til andre menneske no. Men kvifor er det eigentleg slik? Illustrasjonsfoto: Pixabay
Oppdatert: tysdag 1. juni 2021 14.23

LES OGSÅ

ANNONSE