Vil gjera det lettare å heisa Pride-flagget i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget avla innstillinga si tysdag, og det går mot eit vedtak for å gjere det lovleg å heise Pride-flagget på alle kommunale flaggstenger, melder Norge i dag.

Hittil har ein berre hatt lov til å heise det norske og det samiske flagget, i tillegg til kommune- og fylkesflagg, på offentlege flaggstenger. Lovendringa inneber at det òg skal opnast for bruk av andre flagg i «arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse». Dette gjeld òg FN-flagget.

Det var «massiv motstand» i den skriftlege høyringsrunden, ifølgje avisa, men forslaget gjekk gjennom. Berre Frp stemde imot. KrF har òg vore kritiske, men stemde for.

Forslaget vart lagt fram av statsråd Nikolai Astrup (H) i fjor sommar. Saka blir behandla 25. mai.


Les også: Den svenske kyrkja i eit opent brev til transpersonar: – Gud elskar deg, akkurat som du er

Illustrasjonsfoto frå Bro kyrka i Västerås stift: Zeth Johansson, CC BY-SA 3.0. Colourbox.com. Kollasj: Framtida.no