Den svenske kyrkja i eit opent brev til transpersonar: – Gud elskar deg, akkurat som du er

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er leie for korleis media har behandla deg og vi sørger over den delen av feminismen som har kjempa for sine rettar og som no vil avgrense dine. Vi vil med dette brevet vise at du ikkje er åleine og at vi er mange som står ved di side.

Slik opnar «Eit personleg brev til deg som er trans», som er publisert på nettsida til Västerås stift i Svenska kyrkan.

Brevet er skrive av dei fire prestane Cecilia Redner, Hans Degréus, Peter Åström og Peter Forsberg, samt forfattar og teolog Frida Ohlsson Sandahl og pressetalsman Åke Paulsson.

Brevet er signert av nesten tusen prestar og kyrkjeleg tilsette. 

– Ingen kan ta frå deg kjønnsidentiteten din

Dei skriv at dei ikkje lenger kan halde stilt, når så mange stemmer talar for å ta rettar frå transpersonar.

– Vi synest det er trist at grupper, organisasjonar og individ som står for dette hatet får plass framfor mikrofonane, på debattsidene, i kulturprogramma og i TV-sofaane. Dette bidreg til normalisering av hat, står det skrive.

Svenske kyrkan si målsetjing er at alle menneske skal møtest med kjærleik og respekt, uavhengig av seksuell orientering og kjønnsidentitet. I brevet står det skrive at dei trur på ei menneskeslekt i alle regnbogens fargar.

– Kva enn du møter og kva enn andre seier, kan ingen ta frå deg kjønnsidentiteten din og ditt menneskeverd. Gud elskar deg, akkurat som du er, held brevet fram.


Karoline Skarstein (28). Foto: Renate Wiik