Elise Solvåg
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2018 imponerte (med rette!) lyrikar og barnebokforfattar Ruth Lillegraven heile bok-Noreg med den psykologiske thrilleren Alt er mitt.

Bokmeldarane (underteikna inkludert) var frå seg av begeistring, filmrettane vart selde, og fleire praktisk talt trygla om ein oppfølgjar. Og så gjorde Lillegraven noko thriller-forfattarar sjeldan gjer: ho skreiv faktisk oppfølgjaren!

Av mitt blod er altså den andre boka i ein no planlagt trilogi om Clara Lofthus. Boka blir kalla ein frittståande oppfølgjar, men eg vil på det sterkaste tilrå at du les Alt er mitt fyrst!

Verda fell i grus

Etter den tragiske ulukka til ektemannen Haavard, sit Clara Lofthus åleine att i eit stor hus på Vinderen med sine to tvillingsøner. Likevel takkar ho ja til stillinga som justisminister når den vert boden henne. Stillinga viser seg å vere meir krevjande enn forventa, og Clara set ikkje pris på å trenge overvaking, livvakt eller barnevakt.

Etter nokre få veker kjem ho heim og oppdagar at sønene er borte. Tilbake ligg ein lapp om at dei vil bli drepne om ho kontaktar politiet eller fortel nokon om kva som har skjedd.

Verda hennar fell i grus, og den elles så sjølvstendige Clara må finne ut korleis ho skal redde borna sine.

Språkblanding og barneperspektiv

Lillegraven brukar same språklege trekk som i den fyrste boka om Clara, der ho let delane av boka som er frå Clara (og andre frå vestlandet) sitt perspektiv vere skrivne på nynorsk, og Oslofolket sine delar av tekstene vere skrivne på bokmål.

Som nynorskbrukar merkar eg det knapt, men det er likevel eit trekk eg set stor pris på – og eit trekk som bidreg til å gi karakterane sine stemmer litt ekstra truverde.

Det einaste eg verkeleg har å utsette noko på, er perspektivet til sonen Andreas. Eg trur ikkje alderen deira vert nemnd i boka, men frå førre bok meiner eg å hugse at sønene er rundt 8-9 år.

Språket Andreas bruker verkar altfor vaksent på meg, og han kommenterer ting eg ikkje trur ungar legg merke til. (Til dømes trur eg ikkje eit barn forstår kor komplisert det er å bli god til å bruke teknologi i godt vaksen alder, langt mindre vere imponert over at dei får det til.)

Ikkje eit kjedeleg sekund

Det er ei knallgod bok, spesielt om du ikkje typisk er typen til å lese krim. Inntrykket eg sit att med er at det meir ein roman enn ein psykologisk thriller, men likevel skildrar Lillegraven handlinga så godt at det ikkje er eit kjedeleg sekund i lesestunda.

Clara er ein interessant og kompleks karakter, og historia er full nok av halvlause trådar til å fylle endå ei bok. Og eg er meir enn villig til å oversjå eit lite truverdig barneperspektiv for å finne ut korleis det går med Clara Lofthus i ei avsluttande bok.


Forfattar Marie Tveiten las så mange Donald-blad i barndomen at ho framleis får bursdagskort sjølv om abonnementet vart avslutta for mange år sidan! 

Musikar Marie Tveiten (28) romandebuterer på Samlaget med «Bonus». Foto og omslag: Samlaget. Kollasj: Framtida.no

«Av mitt blod»

Forfattar: Ruth Lillegraven

Utgitt: 2021

Sjanger: Thriller

Forlag: Kagge forlag

Sider: 334