Krimbokdebuten til Ruth Lillegraven blir film

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alt er mitt er rett og slett ein veldig sterk og smart historie. Og annleis. Han skil seg ut med overraskande karakterar, og han tør å vera mørk på ein uvanleg måte. Vi gler oss til framhaldet, seier Julie Løvgren i Nordisk Film i Danmark.

Selskapet har kjøpt filmrettane for å laga spelefilm av krimdebuten til Ruth Lillegraven, noko dei ser fram til.

Omsett til engelsk

I tillegg til filmplanane har det amerikanske storforlaget Amazon Crossing kjøpt bokrettane for å omsetja boka til engelsk.

– At boka kjem ut på engelsk er stort, det gjev ei moglegheit til å nå ut til mange lesarar. Det er sjølvsagt også svært spennande med filmrettane. Eg gler meg til å følgja prosessen vidare, seier Ruth Lillegraven i ei pressemelding.

I Noreg er det Kagge Forlag som har gitt ut boka. Frå før er boka seld til Frankrike, Spania, Tyskland og Polen. Det amerikanske forlaget Amazon Crossing har også sikra seg rettane til oppfølgjaren av krimdebuten til Lillegraven.

Same hovudrolle

Ruth Lillegraven som no arbeider med oppfølgjaren, røper at boka blir annleis enn den første.

– Men hovudpersonen Clara blir den same, seier ho.