Flest 19-åringar blant dømde for overgrep mot barn

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flest menn er dømde for overgrep mot barn, og eit fleirtal er 19-åringar.

Av rundt 2.000 dommar frå 2015 til 2020 var nær 90 av dei dømde 19 år, ifølgje NRK.

Fleire fysiske overgrep

Dommane omhandlar overgrep mot barn under 16 år. I sakene med ein dømd 19-åring, er dei fleste fornærma mellom 14 og 15 år, skriv

Det som skil dei unge overgrepsdømte frå dei eldre, er at delen fysiske overgrep er større enn nettovergrep.

Blant dei domfelte på 19 år er 18 dømde for overgrep over nett, medan tolv er dømde for overgrep både på nett og fysisk. Dei resterande er dømde for fysiske overgrep.

Til samanlikning er det dobbelt så mange nettovergrep som fysiske overgrep blant 30-åringane som er domfelte.


Dagleg leiar i lightup Norge, Ragnhild Lindahl Torstensen, er uroa for at fleire sårbare barn og unge skal verte utsett for nettovergrep. Foto: lightup