Då eg var 19: Johannes Joner hadde falskt førarkort då han blei stoppa av væpna amerikansk politi

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kom inn på Statens Teaterhøyskole i 1978, då eg var 19 år. Flytta frå Stavanger til Oslo, gjekk inn i ei opplæringsboble og kom ut av bobla som 22- åring. Min ven Thomas sa at eg ikkje var tilsnakkande på tre år.

Johannes Joner har skrive seg inn i mange norske barndommar i roller som Lillegutt i Jul i Blåfjell og Jul på Månetoppen, politibetjent Gran i Olsenbanden jr. og barne-tv-klassikaren Huset med det rare i.

I desse dagar er han igjen å sjå som velformannen i komiserien Neste sommer, samt den samtidskritiske spelefilmen Han, som mellom anna tek opp problematikk knytt til psykisk helse og statusfall.

Johannes Joner prega mange barndommar på 90-talet med programleiarrolle i «Huset med det rare i» og som Lillegutt i «Jul i Blåfjell». Foto: NRK

Stoppa på raudt utan førarkort

Joner fortel at det var mykje meir spanande ting som skjedde i livet året før han kom inn i teaterbobla. 19 år gamal var nemleg stavangerguten ute og levde livet i den store verda.

Etter å ha jobba heile sommaren i oljebyen for å spara pengar, reiste tre unge nordmenn på kryss og tvers av USA i eigen bil.

– Den dagen eg blei 19 år køyrde eg rundt kvartalet til den mexicanske ambassaden i San Francisco medan gutta var inne for å søkje om visum, skriv Joner, som fekk ei oppleving han aldri gløymer.

– Eg køyrde på raudt lys og blei stoppa av to politimotorsyklar. Dei gjekk av syklane og kom roleg gåande mot meg på kvar si side av bilen. Den eine med pistolen heva, den andre banka på ruta. Eg rulla ned vindauga og blei bedd om å vise vognkort og førarkort. Gutta hadde teke med seg begge delar pluss passet, så det einaste eg hadde var det internasjonale førarkortet, men det kunne eg ikkje visa fram fordi det var forfalska så eg skulle kome inn på bar.

I USA er det 21-årsgrense for å drikka alkohol i dei fleste samanhengar, som var grunnen til at Joner hadde forfalska identifikasjon.

– Det blei ei lang snublande forklaring, men dei gjenkjente nok ein uskyldig nordmann på tur og eg slapp med ei bot på 20 dollar.

Frå venstre: Torfinn Nag, Johannes Joner og Thomas Spence kom seg til Mexico. Her er dei på bassengbar i Mazatlán. Foto: Privat

Vaska oljebyen

For å tena opp pengar hadde Joner jobba i eit vaskefirma og vaska alt frå vindauge til innsida av forbrenningsomnar på eit olje-raffineri.

Dei 15.000 kronene han tente opp dekte draumen om å sjå Amerika. Gutane sette ut for å sjå alt det dei berre hadde sett på film og tv, noko dei òg gjorde.

Joner minnest mellom anna at dei var oppe i Fridomsstatuen i New York, vitja Washingtonmonumentet, gjekk i Grand Canyon, Disneyland, Hollywood og Las Vegas.

– Vi kan verkeleg seie: Been there, done that. Vi budde i sjømannskyrkjer, heime hos folk vi møtte, og i bilen. I San Francisco budde vi hos Pete, som vi hadde møtt på interrail året før.

Den store reisa

Flybilletten til Montréal hadde kosta 3300 kroner, og pengane rekte vidare til ei Chevrolet Townsman stasjonsvogn, som køyrde på kryss og tvers i tre månadar til lyden av Leonard Cohen.

Amerikanarane dei møtte på vegen tok godt imot dei reisande, men gutane opplevde òg dramatikk då ein mann gjekk rundt i gatene i New Orleans og skaut vilt rundt seg.

– Eg anbefaler likevel alle å reise medan dei er unge og frie, oppsummerer Joner.

Johannes Joner og kameratane køyrde på kryss og tvers i USA i sin Chevrolet Townsman V8. Foto: Privat

Mista far, fann kjærleiken

Vener og familie har alltid vore det viktigaste for skodespelaren. Etter at han var ferdig med teaterskulen møtte Johannes Joner sitt livs kjærleik via skodespelarkollega Rolf Søder, som han spelte mot i 12 edsvorne menn i Fjernynsteatret.

– Etterpå skulle eg til Nordland teater for å spele Helten på den grønne øya. «Du får hilse datteren min da, sa Rolf. Hun har startet en ballettskole der oppe». Eg møtte Lene, og samstundes fekk eg melding om at min far var død. Så eg mista min far og møtte mitt livs kjærleik samstundes.

Kulturinstitusjonen barneteater

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Eg er oppvaksen på Rogaland Teaters barneteater. Denne institusjonen har fostra mang ein kulturarbeidar frå oljebyen. Eg forstår ikkje kvifor ikkje alle teater har eige barneteater. Det utdannar kulturmenneske som blir hjørnesteinar i ein by si kulturbygging. Ein kan ikkje leve av pengar åleine.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Då flyet med Thomas Spence og meg letta frå Sola flyplass med kurs for Oslo i 1978 var hans draum å jobba i Dagbladet, og min å jobba på Nationaltheatret. Dei draumane blei oppfylt allereie etter tre år. Etter det trur eg ikkje eg har planlagt langt framover, men omfamna det livet gav meg. Ville ikkje bytta med nokon.

– Ta val med hjartet

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville sagt: Bra val du tek. Eg ville gjort akkurat det same sjølv.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Fortset å ta val med hjartet.


20 år gamal kom Anneke von der Lippe inn på teaterhøgskulen og brann seg på varmtvassberedaren etter festen. No er den Emmy-vinnande skodespelaren aktuell i TV 2-serien «Bortført». Foto: TV 2