Då eg var 20: Anneke von der Lippe slo hjul inn på audition og helste på Padre Gustino

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg budde på Grønland med utedo og jordbæråker i bakgarden saman med ein italiensk kjærast. På platespelaren gjekk Paco di Luchia, Carmen, verdi og moderne jazzmusikk.

Den norske skodespelaren Anneke von der Lippe kan skilta med ein Emmy-pris for si rolle som lensmann Helen Sikkeland i NRK-serien Øyevitne. No er ho igjen å sjå på tv-skjermen, denne gongen som fortvila mor i TV 2-serien Bortført.

Men at 56-åringen skulle bli skodespelar var ikkje ei sjølvfølge.

20 år gamal var ho ferdig med utdanninga på Steinerskolen, jobba som koldjomfru på Lille valentes café i Kirkeveien, lydteknikar på Musidra barneteater og rekvisitørassistent på filmen X av Odvar Einarson.

– Sosial og nyfiken på livet, stod eg mellom vala å søkje Kunst- og handverkskulen eller prøva å søkja teaterhøgskulen for andre gang, skriv von der Lippe i ein e-post til Framtida.no.

Action framfor dikt

Ho hadde også bestemt seg for å læra alle dialektane i Noreg og studere sosialantropologi, alt på ein gong.

– Eg var utruleg aktiv, gjekk på alle moglege formar for dans og likte å bevega meg og var glad i å teikne. Eg veit ikkje om eg bekymra meg så mykje om framtida, men det blei klart for meg at å vere åleine på eit atlier ikkje var noko for meg.

Den italienske humoristen Dario Fo og den britiske klassikaren William Shakespeare var blandt dramatikarane Anneke von der Lippe studerte som 20-åring. Foto: Daniele Medri og måleri John Taylor

Sidan ho var nær ved å kome inn på teaterskulen året før, bestemte von der Lippe seg for å søkja på nytt. Samstundes søkte ho på fleire utdanningar, òg i London.

– Eg trur eg innstuderte åtte roller samtidig. Hugsar ikkje alle, men det var fokus på Shakespeare og Dario Fo. Det måtte vere noko seriøst og noko komisk. Det blei nokre akrobatiske øvingar i dei opptaksprøvane hugsar eg. Eg slo gjerne hjul inn frå sidescena eller kom flygande inn bakfrå full av adrenalin og pågangsmot. Det var ikkje så mykje sjelfull diktlesing akkurat.

Padre Gustino

Å koma inn på Teaterhøgskulen i Oslo, som var førstevalet, er det sterkaste minnet hennar frå den tida.

Eit anna minne som sit godt er interrail i Italia med kjærasten.

– Han ville visa meg Italia og familien sin. Vi reiste rundt heile landet og besøkte alle søskena hans og foreldra som budde i ein liten sjarmerande fiskelandsby, Carpino i Puglia.

Kyrkja Chiesa di San Cirillo er eit av landemerka i småbyen Carpino i Puglia. Foto: Domenico S. Antonacci

Den heimkomne sonen og den norske kjærasten blei beordra av foreldra til å helse på den lokale presten Padre Gustino, trass i at von der Lippe hadde ein litt for kort oransje minikjole.

– Eg hugsar endå den håplause rørsla, å trekkje ned skjørtet utan å lukkast.

Svigerfamilien i Carpino

Likevel tok mor i huset med kjærasten til sonen opp på loftet, der ho opna ei kamferkiste, bretta ut nydeleg broderte dukar og sengetøy som ho og systrene hans hadde brodert. Von der Lippe prøvde å få mora til å snakke langsommare med den italienske frasen «piano, piano».

– Då pakka ho skuffa og rolig alt saman opp i kista igjen og sa ikkje meir. Om kvelden høyrde eg eit rabalder nede på kjøkkenet. «Eeehh, Rocco! Brava ragaza! Bambina, spotzata, eehh? PIANO, PIANO!!!»

Familien snakka allereie om forloving og barn, noko von der Lippe ikkje var klar for.

– Dei hadde tydlegvis heilt andre planar for mi framtid enn kva eg i min villaste fantasi hadde førestilt meg, avsluttar ho.


Som 20-åring hadde ikkje radioprofil Tuva Fellman peiling på kva ho skulle bli. I dag er ho aktuell som programleiar for nakendating på TV. Foto: privat / Max Emanuelson, kollasj Framtida.no