Helene (20) og venninnene er grønruss: – Kult å kunne sprade rundt og vere stolt bonde
Helene Ouff (20) og venninnene brukar russetida til å støtte bondeopprøret.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me har berre fått positive reaksjonar hittil, men det trur eg er fordi me har vore her, der det er eit litt harry miljø. Hadde me vore grønruss i Oslo trur eg det hadde vore heilt annleis.
20 år gamle Helene Ouff frå Hurum feirar at ho er ferdig med treårig agronomutdanning og eitt år allmennfagleg påbygg med å vera grønruss.
Saman med fire venninner har ho skaffa seg ein van, som dei rullar i – iført bondeuniformen Felleskjøpet-dress.
Jenter, bønder og grønruss
Ouff har høyrt skrekkhistorier om yrkesfagruss som har vorte hetsa og banka opp på russetreff.
Ho fortel at dei ulike russefargane har ulik status, og at fleire som tek agronomutdanning vel å vere blå- eller raudruss. Blant årets avgangselevar på Tomb videregående skole er det berre kring ti stykk som har valt å vera grønruss.
På den grøne vanen har jentene skrive #bondeopprør.
– Me føler oss undertrykte på tre stader: Me er jenter, me er bønder og me er grønruss. Sidan me skulle vere grønruss ynskjer me å skrika litt og visa oss litt fram. Me vil visa at me unge er engasjerte i landbruksoppgjeret og politikk, seier Ouff, som håpar deira støtte kan inspirera eldre bønder.
Stolt bonde
Sjølv kjem 20-åringen frå eit stort gardsbruk med ammekyr av rasen limousin der begge foreldra har fulltidsarbeid, i tillegg til at dei treng ekstra arbeidskraft.
Å veksa opp på gard er noko Ouff anbefaler på det varmaste, noko som er grunnen til at ho satsa på agronomutdanning på vidaregåande.
– Grønruss er framtidige bønder. For meg er det veldig kult å kunne sprade rundt og vere stolt over at eg er bonde, seier 20-åringen.
Usikker framtid
Men sjølv om ho ikkje var i tvil om at den praktiske agronomutdanninga var vegen å gå, er ikkje Ouff heilt sikker på framtida som bonde.
– Det er jo ofte oppe, men eg har sagt at eg er usikker. Eg synest det er skummelt å ta over eit såpass stort bruk når framtida i landbruket er såpass usikker som i Noreg.
Ouff har sett kor hardt foreldra jobbar, og at dei må ha inntekter nok til å også løna ekstra arbeidarar.
– Eg vil ikkje risikere mi mentale helse, familie og økonomi, om ikkje noko blir betre, avsluttar 20-åringen.