Yrket mitt: Maria (29) er banksjef

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det ein kanskje ikkje veit i førekant når ein tek ein leiarjobb, er at det kan vere ganske einsamt å vere leiar. Det er sjølvsagt utruleg spennande, men på mange måtar er ein også litt åleine, fortel Maria Bones Skjønsberg på e-post til Framtida.no.

29-åringen frå Asker er nytilsett banksjef i DNB Moss og Askim.

– Det er viktig å bruke dei ein har rundt seg, for min del både i leiargruppa i regionen og støttespelarane på kontoret.

Frå deltidstilsett til sjef på åtte år

Maria Bones Skjønsberg vart tilsett som banksjef 8. mars i år, men har gradvis stige i gradene sidan ho første gong kom inn i bankbransjen som student i 2013. Då var ho ein av 20 personar som fekk jobb på kundesenteret.

Frå å ha deltidsjobb i bank, vart ho finansrådgjevar, så nestleiar hjå DNB på Karl Johan i Oslo og endeleg var ho divisjonskoordinator i halvtanna år før ho landa sjefsjobben.

– Har jobba gradene kan du seie, fortel ho sjølv.

29-åringen fortel at ho har mykje erfaring frå kundehandsaming med kvardagsbank, bustadlån og forsikringar, i tillegg til god kjennskap til kontornettverket og privatmarknaden i DNB.

– Tilbakemeldingane frå min noverande leiar var at erfaringane mine, samt personlegdomen min, gjorde at eg var den beste kandidaten for jobben.

Den yngste på kontoret

– Kva forventingar hadde du til jobben – og vart dei innfridde?

– Ettersom eg har jobba som finansrådgjevar på bankkontor ei stund, og kjenner til både kulturen og arbeidsoppgåvene, var eg ganske godt førebudd. Den varme velkomsten eg fekk då eg starta var endå over all forventing. Med andre ord – godt innfridd og vel så det.

Skjønsberg er den yngste banksjefen DNB Moss noko sinne har hatt. 29-åringen har forvaltningsansvaret for fleire milliardar kroner og ein stab på 18 tilsette.

– På kontoret eg no jobbar er eg den yngste og det visste eg før eg starta der, men likevel var eg ikkje redd for å ikkje verte teken alvorleg. Eg kan «faget», og kjenner meg trygg i rolla og på meg sjølv. Det er nok vesentleg, forklarar Skjønsberg.

Taksidermist Vidar Aa. Djupvik starta eige bedrift og jobbar sjølvstendig, noko ein taksidermist må vera førebudd på. Foto: Privat

Bankjobb er ikkje kjedeleg

Det var likevel ikkje openbert at det var i ein bank Maria Bones Skjønsberg skulle ende opp. Då ho skulle ta til å studere stod valet mellom IT og økonomi, før ho landa på sistnemde.

Den nytilsette banksjefen fortel at ho alltid har syntest DNB verka som ein spennande plass, der ho kunne tenkt seg å arbeide, og peikar på at òg IT-vegen kunne ført ho til banken.

– Etter kvart vart leiing meir og meir interessant, det motiverer meg og det fall meg også litt naturleg, fortel ho.

På spørsmål om utdanninga førebudde ho på jobben ho har, svarar 29-åringen både ja og nei:

– Mange av faga brukar eg jo ikkje konkret i jobben min, men den store og totale forståinga av både mikro- og makroøkonomi har kome godt med.

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

– På studia hugsar eg det var sett på som litt kjedeleg å ende opp i bank, men det kan eg fortelje at det ikkje er!

Skjønsberg fortel at ein bankjobb kan romme utruleg mykje forskjellig, særleg i store konsern. Sjølv er ho stolt over jobben sin:

– Kvar einaste dag på jobb er ulik og eg stortrivst!

– Utruleg gjevande

Som banksjef har Maria Bones Skjønsberg opplevd at ingen dagar er like.

– Ein stor del av det å vere banksjef er å vere sparringspartner, motivere, hjelpe og rettleie dei tilsette, men òg å ta seg av reint administrative ting. Eg løyver òg ein del av bustadlånsakene som er av større engasjement.

– Kva er det beste med jobben?

– Å få lov til å jobbe med så dyktige kollegaar, og fornøgde kundar. At eg kan vere med på å utvikle, motivere og hjelpe dei tilsette synest eg er utruleg gjevande, svarar Skjønsberg.

Banksjefen forklarar at som finansrådgjevar går jobben din ut på å hjelpe kundar gjennom store og viktige situasjonar i livet, som å kjøpe bustad, og at ein difor kjenner at ein verkeleg bidreg:

– Det er sjølvsagt gjevande for meg å vete at medarbeidarane mine kvar einaste dag hjelper til med noko så viktig for kundane våre.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Må vel svare at det var på jobb eg møtte sambuaren min?

Få arbeidserfaring før sjefsjobben

Sjølv er 29-åringen glad for at ho var finansrådgjevar sjølv før ho vart banksjef, og såleis veit kva kvardagen til dei tilsette går ut på.

– Då er det lettare å vere ein god leiar for dei. Dersom du ynskjer å verte leiar er mitt tips å få seg erfaring frå jobben medarbeidarane dine yter først, rår Skjønsberg.

– Kven passar yrket for?

– Er du flink med folk og har eit auge for personleg økonomi passar den ypparleg.

– Kva draumar har du for framtida?

– Fram til no var framtidplanen å verte banksjef, så no ynskjer eg først og fremst å utvikle meg som leiar, slik at eg best mogeleg kan hjelpe medarbeidarane mine med å utvikle seg.


Kristian Kirkeland vart gravferdskonsulent, medan han samla tankane etter ein trøblete vidaregåandeperiode. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no

Maria Bones Skjønsberg

Alder: 29 år

Frå: Asker.

Yrke: Banksjef i DNB Moss og Askim.

Utdanning: Bachelor i Økonomi og Administrasjon frå Høgskolen i Oslo og Akershus (Nytt namn: OsloMet).