Vegen frå Instagram til papir: – Nesten så følgjarane gjennomskodar det når eg skriv fiktivt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når du legg ut eit dikt på Instagram skjønar du fort om det er bra eller ikkje, fordi du får responsen på nett. Istadenfor at det er ein lærar som les og gjev tilbakemelding, vert følgjarane læraren din, forklarar Sabina Store-Ashkari.

20-åringen frå Vadsø debuterte nyleg med diktsamlinga Ingenting usagt på Cappelen Damm.

Frå mobilnotat til anonym oppbevaring

Samlinga har fått namn etter Instagramkontoen @ingentingusagt, der ho har publisert dikt anonymt sidan ho var 16 år. Først i desember stod ho fram med namn og no kan altså alle lese dikta hennar under fullt namn.

Karrieren som Instagram-poet byrja eigentleg ganske tilfeldig.

16-åringen hadde byrja å fylle opp notatane på mobilen med dikt og frykta å miste alt dersom mobilen skulle kræsja. Ho laga ein Instagram-profil for å lagre dikta, men sidan ho hadde eg gløymt å gjere han privat, vakna ho opp til ein del følgjarar og kommentarar.

– Slik byrja mitt Instagram-eventyr, fortel debutanten.

På Instagram er @ingentingusagt lett å kjenne att med svart bakgrunn. I bokform har dikta fått selskap av illustrasjonar frå Erika Coucheron Krogstad. Foto: @ingentingusagt/Cappelen Damm

Stadfesting på Instagram

Uansett om responsen kjem frå internett eller redaktørar meiner Store-Ashkari at det er nyttig å få andre sine lesingar, fordi det er lett å sjå seg blind på eige materiale.

Etter å ha debutert som Instagram-poet fann ho ut at det var eit heilt nettverk der ute, og at det å publisera var både nyttig og lærerikt, ikkje minst fordi ein kan skrive og få respons ganske jamleg.

– Ein føler seg jo på fleire måtar litt sårbar, men så får ein bekreftande meldingar og det viser seg at det er mange som kjenner på det same, forklarar Store-Ashkari.

27. mai 2013 annonserte Alexander Fallo følgjande på Instagram. For poeten har det vore gøy å nytta tekst til å kommentera der andre brukar bilete. Sjølv trur han ikkje at han hadde hatt godt av tilsvarande eksponering av eige andlet. Instagram: @alexanderfallo Foto: Ronja Penzo

Karriere på Instagram

Også Instagram-poet Alexander Fallo debuterer i bokform i desse dagar med diktsamlinga du fucker med hjertet mitt nå.

Då underteikna fann namnet hans på lista over debutantar hjå Cappelen Damm vart eg nesten forundra, for har ikkje Fallo gitt ut noko før?

– Instagramkontoen har teke meg inn på arenaar som gjerne er forbeholdt dei som har gitt ut ei bok, forklarar Fallo på telefon til Framtida.

Han har reist rundt i landet og halde foredrag og skrivekurs, fått eit dikt omgjort til sangtekst av No. 4 og hatt fleire samarbeid med det norske klesmerket Holzweiler.

Fallo medgjev at han heile tida har tenkt at han skulle skrive ei bok og at det er om lag ti år sidan han første gong var i kontakt med redaktøren sin på Cappelen Damm, Sigmund Sørensen.

– Han likte meg før eg hadde 20.000 følgjarar. Eg har fleire lesarar enn ein vanleg debutant noko som sjølvsagt er meir attraktivt for eit forlag, men eg likar å tru at boka er god nok utan kontoen – sjølv om det hjelper, understrekar Fallo.

I arbeidet med boka skreiv Alexander Fallo ut dikt på papir for å sjå korleis dei eigna seg i bokformat. Diktsamilnga har to parallelle historiar, der den eine handlar om eit kjærleiksforhold og den andre om ein sjuk far. Utdrag og omslag: Cappelen Damm

Frå internett-flow til bok

Redaksjonnssjef for Cappelen Damm, John Erik Riley, meiner den største skildnaden på Instagram-forfattarane og meir tradisjonelle poetar er den umiddelbare tilgongen til publikum.

– Det er ei utbreiing, ei tone og ein sjangervri som gir rom for andre retningar i tekstane. Eit dikt kan feste seg i eit breitt publikum kort tid etter poeten har publisert. Det minnar om trubadurar som står på eit torg og proklamerer og er ei utvikling som me vil vere med på.

Han er ikkje i tvil om at det er ei skriveform som vil prega poesien i ei god stund framover, trass i at det ikkje er like populært i alle kretsar.

I Klassekampen og litteraturtidsskriftet BLA har debatten nemleg herja rundt poetane som no beveger seg over i bokform.

– Kva har følgjarskaren å seie for dykk som forlag når de gjev ut dette?

– Populariteten speler jo sjølvsagt inn, men om det er ein me ivrar for som gjev ut god poesi på Instagram med berre tre følgjarar så gjev me ut det òg, svarar Riley, som presiserer at dei fleste poetar ikkje publiserer på Instagram.

Han synest distribusjonsforma og dei nye leseformane på Instagram er spanande og ser det delvis som ei oppblomstring av ein ungdomskultur.

– Men det må ikkje forståast som at bok ikkje er bok. På Internett er skrivinga ein del av ein slags flow frå forfattaren, utan at det skal misforståast som at ein berre slengjer ut. I bokform har ein ein start og ein slutt, kanskje må ein be om tekstar og sjå kva tematiske trådar ein skal halde på og fjerne.

Frå nisje til mainstream

– Det er ikkje så lenge sidan folk ikkje brydde seg om samtidspoesi i det heile, men @Renpoesi har fått masse ut til folk og Sophie Elise quotar Tor Ulven, seier Alexander Fallo, som ikkje er i tvil om at Instagram har vore viktig for poesien.

– Det korte passar veldig godt for tida me lever i. Me har lite tid og lite merksemd, noko som gjer at dikt og kortprosa kan få ein oppsving. Før var det marginale greier.

Store-Ashkari meiner også at Instagram er ein plattform som kan opne augo til folk for at poesi ikkje treng å vere tunge, meiningslause tekstar ein må analysere på skulen.

Ho trur mange er travle og ikkje føler dei kan ta seg tid til å setje seg i sofaen med ei bok, men tek seg tid til å scrolle litt. Der kan dei møte glimt av ord som treff dei anten dei står i garderoben etter trening, eller på matbutikken.

– Eg trur det kan gje vanlege menneske diktglede, utan at dei har ei spesiell litteraturinteresse. Det kan opne augo til mange om at dikt ikkje treng vere så vanskeleg. Det kan vere skikkeleg fint, kvardagsleg og enklelt, som treffer deg.

Følgjarane avslører fiksjon

Fallo opplever at han ikkje får same gjennomslag med lengre tekstar, noko han trur skuldast at folk har dårleg tid.

– Det som funkar best er korte setningar, som forhåpentlegvis er gode og har ei slags dobbeltheit, seier Fallo.

Han meiner at Instagram har ført til at han har skrive mykje meir enn han elles hadde gjort, men at det også har ei bakside.

– Eg har blitt betre samstundes som det kan hende at eg har vorte litt skada. Eg veit ikkje om det er tida me lever i eller meg.

Store-Ashkari trur også mange eldre dikt hadde risikert å bli scrolla forbi på Instagram, fordi dei er for lange. Ho opplever at det er dikta der ho vågar å vere mest sårbar og personleg, som i størst grad treff følgjarane.

– Det er det som er så skummelt og fint. Det er ikkje alltid ein tør det, men det er nesten så følgjarane gjennomskodar det når eg skriv fiktivt. Det er smarte folk, konstaterer 20-åringen.

Sabina Store-Ashkari synest det er litt skummelt å tenkje på at alle no kan lese dikta hennar under fullt namn og spekulere i kva og kven dei handlar om. Utdrag og omslag: Cappelen Damm

Frå humor til hjerte/smerte

For Fallo har poesien på Instagram heile tida vore gøy og lystbetont, men undervegs har han bevegd seg frå humoristiske tekstar til det han skildrar som meir «hjerte/smerte» og har byrja å tenkje på alexander fallo på Instagram som ein karakter.

Han skildrar karakteren som ein patetisk mannsperson à la han som vert skildra i Drake sin Hotline Bling.

– Det er ein slags bitterheit der han ringer ein eks på natta drita full og seier at eg er betre enn han andre, men så er han ikkje det, for han er ein tulling, seier Fallo, og fortset:

– Også når det er meir oppløftande ting, så veit ein at det kjem til å gå til helvete. Det er ei slags kjærleikssorg, ikkje den tunge der kjærasten gjennom fem år har slått opp, meir den sorga over ting som har fada ut, ein sommerflørt som ikkje funka.

35-åringen har fått mange tilbakemeldingar frå personar som både finn trøst og som ikkje klarar å følgje kontoen når dei står i liknande situasjonar. Sjølv sette han kanskje aller mest pris på tilbakemeldinga frå ein ung gut frå Holmlia som ikkje var så stødig i norsk , som fortalde at han hadde brukt Fallo på tentamen.

– Det er ein klisjé, men det betyr så sjukt mykje når ein klarar å nå ein person. Klarar ein det så har ein fått til noko, seier poeten.

Kanadisk-indiske Rupi Kaur (27) og norske Sabina Store-Ashkari (20) er to poetar som nyttar Instagram for å nå ut. Foto: @rupikaur_, @ingentingusagt