Stadig fleire vil ta koronavaksine
Tal frå Folkehelseinstituttet viser at 84 prosent av befolkninga no vil vaksinere seg mot korona.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er gledeleg å sjå at det no er over 8 av 10 som ønskjer å ta koronavaksine. Det er det høgaste talet sidan vi byrja å målingane i november sist år, seier Geir Bukholm, smitteverndirektør ved Folkehelseinstituttet.
Sidan veke 45 i 2020 har nemleg FHI samarbeidd med Norstat og Mindshare om jamlege befolkningsundersøkingar. Dei har undersøkt i kva grad folk opplever å få nok informasjon om koronavaksine, og kva haldning dei har til koronavaksinasjon.
80 prosent svarer at hovudgrunnen til å ta koronavaksinen er å bidra til mindre smitte i Noreg, ifølgje den ferske undersøkinga. Å verne sine næraste og få kvardagen tilbake er to andre grunnar til at talet er såpass høgt.