Bergen kommune er kåra til Årets nynorskbrukar
Kommunen får prisen for å oppretta ein eigen nynorskklasse skuleåret 2021–2022, uavhengig av søkjartal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Språkleg mangfald og forståing har dei siste åra vore ei viktig sak for folkevalde i Bergen, og det er utruleg kjekt å få anerkjenning for dette arbeidet.
Det seier bergensordførar Marte Mjøs Persen i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum, som deler ut prisen.
2 millionar til nynorskklasse
I desember 2020 jubla Noregs Mållag over at Bergen kommune sette av to millionar til å oppretta ein eigen nynorskklasse på ein sentrumsskule.
– Det er flott at Bergen kommune kjem med eit offensivt tiltak for å styrkje nynorsken. Dette er noko vi legg merke til, seier administrasjonssjef Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum i pressemeldinga.
I tillegg skal kommunen bruka 500.000 på nynorske bøker til skulebiblioteka og 750.000 kroner på Det vestnorske teaters prosjekt «Heime i nynorsken», ifølgje NRK.
Prisen er på 100.000 kroner og eit diplom som blir delt ut på opningsdagen for Dei nynorske festspela i Ørsta 10. juni.
Nordstoga, Maria Parr og Bergen
Årets nynorskbrukar vart første gong delt ut i år 2000 og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.
Tidlegare har heideren mellom anna gått til brørne Nordstoga, journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise, forfattar Maria Parr og skikøyrar Kari Traa.