Det er slett ikkje ei dårleg historie, men Brynjulf Jung Tjønn sin nye roman burde kanskje heller vore ei novelle.
Kvar dag skal vi vere så modige
  • Forfattarar: Brynjulf Jung Tjønn
  • Forlag: Cappelen Damm
  • Utgitt: 2021
  • Sjanger: Roman
  • Sider: 176
LES FAKTALUKK FAKTA

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) frå Feios jobbar som forlagsredaktør i Samlaget, og debuterte sjølv som forfattar med romanen Eg kom for å elske i 2002. Han fekk Brageprisen i 2013 for ungdomsromanen Så vakker du er.

No er han aktuell med romanen Kvar dag skal vi vere så modige.

Vanskeleg oppvekst

Isak bur aleine med mora si oppi dalen i ei namnlaus bygd. Vi skjøner raskt at noko ikkje er som det skal. Han må ofte bli heime frå skulen for å passe på mora, og han gøymer seg saman med ho når det ringer på døra (ikkje at Isak forstår heilt kvifor Jehovas vitne så ofte kjem på besøk hos dei).

Isak har éin ven, Yardan, men sjølv ikkje til Yardan fortel han noko om mora. I tillegg har det flytta inn ei fyr i nabohuset som Isak blir kjend med, men som kanskje er litt rar. Og når kjærasten til naboen dukkar opp, byrjar ting å skje. 

Det er ei ganske trist historie. Ho er likevel ikkje «spesiell» nok til å skilje seg ut i mengda av samtidsromanar om vonde barndomar, og det er vanskeleg å skjøne sjølve poenget med historia. Det er heller inga spesifikk hending i boka som klarer å bere resten av handlinga.

Slutten kjem brått, og vart for underteikna eit antiklimaks. 

Ho er likevel ikkje «spesiell» nok til å skilje seg ut i mengda av samtidsromanar om vonde barndomar.

Vaksent språk

Tjønn prøver å skrive frå eit barns perspektiv, men språket blir for vaksent. Sjølv om ein skjøner at det er eit slags tilbakeblikk, så fungerer ikkje den teknikken her. Skildringane Isak som barn formidlar er prega av eit meir presist, analyserande og nettopp modent språk, og det vert ikkje naturleg.

Ein tenkjer ikkje så mykje over det i mesteparten av romanen, men så kjem det enkelte passasjar som øydelegg illusjonen totalt. (Eg kjenner ikkje mange barn som ser mor si naken og tenkjer at «brysta» hennar ser «tunge ut».) Det gjer det vanskeleg å leve seg noko særleg inn i historia.

Det kjennest nesten urettvist å trille ein firar for språket i romanen, for Tjønn er ein god forfattar. Likevel passar ikkje språket som er brukt til forteljaren i boka, og den samanhengen må nesten vere der for at teksten skal fungere.

Betre som novelle?

Det er ein kort roman, men han burde ha vore kortare. Eller så burde han ha vore fylt ut til ein vanleg roman på tre hundre sider, for no sluttar historia akkurat der ho byrjar å gi litt meining – utan at det er ein særskild forklarande eller overraskande slutt.

Det er slett ikkje ei dårleg historie, og det er ein del veldig gode scener, men kanskje denne romanen skulle ha vore ei novelle? 


Les også om kva som er i forfattar Brynjulf Jung Tjønn si eiga bokhylle:

Forfattar Brynjulf Jung Tjønn er bokaktuell med «Kvar dag skal vi vere så modige» på Cappelen Damm. Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss

LES OGSÅ

ANNONSE