Brynjulf Jung Tjønn var ikkje spesielt oppteken av bøker som liten, men vart fanga av «Beatles».

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg les mykje barne- og ungdomsbøker, både dei vi gir ut sjølve på Samlaget, men også på andre forlag. I tillegg er eg kanskje ekstra glad i poesi. Det var dikt eg skreiv heilt i starten, då eg drøymde om å bli forfattar.

Det skriv forfattar og forlagsredaktør Brynjulf Jung Tjønn i ein e-post til Framtida.no.

40-åringen frå Feios i Sogn er i desse dagar aktuell med romanen Kvar dag skal vi vere så modige, der han som så ofte tidlegare i forfattarskapen tek føre seg vanskelege livssituasjonar og mellommenneskelege relasjonar.  

Me har teke ein kikk i bokhylla til den Brageprisløna forfattaren og samlagsredaktøren.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Nykommar av Nathaniel Farrell. Det er ei utruleg sterk diktsamling, som eg stadig les i. Gjendikta av Martin Ingebrigtsen.

Kor les du?

I sofaen og på kontorstolen. Litt også i senga.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Eg hadde ei bestemor i kjellarbustaden på garden som las litt til meg. Det var klassikarar av Torbjørn Egner og Anne Cath. Vestly. Men eg var ikkje spesielt oppteken av bøker då eg var liten.

Torbjørn Egner og Anne Cath. Vestly prega barndommen til Brynjulf Jung Tjønn. Foto: Rigmor Dahl Delphin

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Mi første verkeleg store lesaroppleving var Beatles av Lars Saabye Christensen. Eg var vel 14-15 år og blei heilt oppslukt. Eg blei fascinert over korleis ein kunne skildre og fortelje slik at ein verkeleg blei fanga i ei historie.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Gjøre godt av Trude Marstein. Ein utruleg ambisiøs roman, der fleire historier og karakterar er fletta inn i kvarandre. Noko av det beste eg har lese.

Brynjulf Jung Tjønn har latt seg imponere av Trude Marstein sitt forfattarskap. Foto: Rolf M. Aagaard

Kva meiner du gjer ei bok god?

Det er vanskeleg å forklare. I bokbransjen snakkar ein om litterær kvalitet og originalitet. Men kva er det? Kanskje skal eg skru tida tilbake då eg var uerfaren lesar og ikkje visste kva litteratur kunne gjere med meg: Nemleg å fange meg, få meg til å gløyme alt anna rundt meg, få meg til å lese, side etter side.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Eg veit ikkje. Finst det ein bokkarakter som er fødd i Sør-Korea, adoptert til Norge og oppvaksen som odelsgut i ei bittelita bygd på Vestlandet?

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Det er mange barne- og ungdomsbokforfattarar på Samlaget eg gjerne skulle invitert på middag, men som eg ikkje kan på grunn av pandemien.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Kanskje Trude Marstein. Det er framleis fleire av hennar bøker eg ikkje har lese.

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Eg kunne gjerne tenkt meg å sjå Kvar dag skal vi vere så modige bli filmatisert. Hovudrolla måtte ha blitt spelt av eit ukjent talent: ein ung gut på 10-11 år.


Forfattar Heidi Furre hadde gjerne sett Zendaya spele hovudrolla i filmversjonen av si første bok, Parissyndromet. Foto: HBO Nordic / Privat

Brynjulf Jung Tjønn

  • Alder: 40
  • Frå: Feios i Vik i Sogn, men har budd i Oslo sidan 2002
  • Utdanning: Journalist
  • Yrke: Forlagsredaktør for barn og unge i Samlaget og forfattar
  • Tal på lesne bøker i året: Som forlagsredaktør, så les eg veldig mykje og då først og fremst manus. Men eg prøver også å få lese litt bøker i feriar.