Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ønskjer aldri at eg hadde skrive andre sine bøker, det følest grenseoverskridande. Derimot finst det ein perfekt versjon av mi eiga bok, Globus, i idéverda som eg skulle ønske eg hadde skrive.

Det fortel forfattar Sarah Smith Ogunbona på e-post til Framtida.no. I fjor kom debutromanen, Globus, som ho òg blei nominert til Tarjei Vesaas debutantpris for.

Forfattaren har sjølv jobba som flyvertinne, og i Globus tar ho lesarane med opp i lufta.

– I blant skulle eg kanskje ønskje eg kunne gjere som Gloria Gervitz og gi ut nye utgåver til eg var fornøgd.

Vaks opp med Frøken detektiv

– Mamma las vanvittig mange bøker om Nancy Drew for meg og søstera mi før vi lærte oss å lese sjølv. Ho fortsette nok nokre år etter det òg, når eg tenkjer meg om.

Ogunbona fortel at ho sjølv les kvar dag og at ho eigentleg likar å lese det meste, men at det ikkje nødvendigvis blir så mange bøker på eit år, sidan ho les ganske sakte.

Vi har kika i bokhylla hennar!

– Eg har aldri gråte av ei bok, utanom då eg redigerte mi eiga! fortel forfattar Sarah Smith Ugonbona. Kollasj Framtida.no

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Eg les ikkje i senga, men eg har av ein eller annan grunn lagt Linda Boström Knausgård si Velkommen til Amerika på nattbordet. Har ikkje opna ho sidan ho hamna der, men eg har lese ho to gongar.

Kva bøker les du helst?

Det meste! For tida går det mykje i svensk samtidslitteratur, dramatikk og forskingslitteratur. Svensk samtidslitteratur fordi eg har studert og bur i Sverige, og mange av mine utruleg talentfulle klassekameratar, lærarar og gjesteførelesarar har gitt ut bøker det siste året. Dramatikk, fordi eg har byrja å skrive dramatikk sjølv, og treng støttehjul. Forskingsartiklar fordi harde fakta komplimenterer skjønnlitteraturen så bra.

Kor les du?

Helst på eit bibliotek, men no nøyer eg meg med kjøkenet, skrivebordet og sofaen heime.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Forlaget Oktober (@forlagetoktober)

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Med unntak av Ringenes herre og Naiv. Super. av Erlend Loe, likte eg ikkje bøker då eg var tenåring. Den første gjorde nok større inntrykk som film, men begge var gode leseopplevingar.

Naiv.Super. og Ringenes herre gjorde inntrykk på Sarah Smith Ogunbona i tenåra. Foto: Cappelen Damm/Gyldendal, kollasj Framtida.no

Kva meiner du gjer ei bok god?

Det trur eg ikkje det finst noko kort, godt svar på. Men for meg er det viktig at form og innhald kler kvarandre.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

For nokre år sidan ville eg sagt Kat, ein av hovudpersonane i Adult Gummies av K. Karivalis. Ein typisk millennial i slutten av 20-åra, som har ein kontorjobb fordi ho treng pengar, men eigentleg skulle ønskje ho var ein ekte forfattar. Eg håpar og trur Kat følgde draumane sine, og debuterte som romanforfattar i 2020.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Eit utruleg vanskeleg spørsmål! Så grusomt å velje middagsgjestar basert på kva dei har skrive. Det måtte rett og slett blitt nokon eg kjenner og likar, til dømes Donia Saleh. Heldigvis er ho også ein fantastisk forfattar, om tanken var at vi skulle snakke om vedkommande sine bøker under middagen.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Roman Jakobson. Det hadde tatt meg omtrent resten av livet å forstå og kome igjennom alt han har skrive. Til gjengjeld ville eg nok lært veldig mykje.

Om Sarah Smith Ogunbona berre skulle lese ein forfattar resten av livet, ville ho valt lingvist Roman Jakobson. Foto: Wikipedia

Og Smith Ogunbona har fleire kandidatar klare om Hollywood skulle banke på døra for å filmatisere historia om flyvertinna Hazel:

– Eg hadde elska Globus the movie! Eg ser for meg at det kunne blitt ein utruleg morosam komedie med ei yngre Issa Rae, eller eit meir lågmælt drama med Zazie Beetz.

Sarah Smith Ogunbona ser for seg Zazie Beets, kjend frå mellom anna serien “Atlanta” og Issa Rae kjend frå serien “Insecure” i hovudrolla i “Globus the movie”. Foto: Gage Skidmore/Wikipedia, Merie W. Wallace/HBO Nordic


Instagram-poet Victoria Dalsberget brenn for barnelitteratur. Foto: Vigmostad & Bjørke

Fakta

Namn: Sarah Smith Ogunbona

Alder: 32 år

Frå: Oslo

Utdanning: Masterprogrammet i Litterär gestaltning

Yrke: Forfattar

Kor mykje les du sjølv? Kvar dag! Men ikkje nødvendigvis så mange bøker, eg les sakte…