Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då eg var 20: Tuva Fellman gjekk på språkskule i Spania og drog på spontantur til Kenya

– Eg hugsar at eg var glad i å reise og at eg ville gjere meir av det. Og at eg ikkje var så bekymra.

Det fortel Tuva Fellman på e-post til Framtida.no.

– Eg var mykje flinkare til å ikkje bekymre meg så mykje då eg var 20. Eg tenkte berre at det ordna seg sikkert. Og om det ikkje gjorde det, så var ikkje det så ille heller.

Skal leie nakendating på TV

33-åringen har i mange år vore programleiar i radioprogrammet Juntafil på NRK P3. Der har ho snakka om kropp, sex og kjensler med lyttarane. Radioprofilen har òg blitt tildelt «Skamløsprisen» for sitt engasjement for å fjerne skam rundt seksualitet.

Snart blir Fellman å sjå som programleiar i den norske utgåva av datingprogrammet «Naked Attraction», som kjem på Discovery+ til våren. I serien skal nordmenn freiste å finne kjærleiken og velje seg ut datar ved å sjå litt og litt av folk sine nakne kroppar.

– Eg gler meg enormt til å vere programleiar for «Naked Attraction Norge», og det er rett og slett fordi eg elskar kropp. Eg synest vi ser alt for lite av ekte, vanlege, nakne kroppar, sa Fellman i ei pressemelding i samband med serien.

Tuva Fellman blir programleiar i «Naked Attraction Norge» på Discovery+ våren 2021. Pressebilete: Max Emanuelson

I tillegg til radiojobbinga, er Tuva Fellman i dag utdanna sexolog. Men, som 20-åring visste ho ikkje kva ho skulle bli.

– Absolutt ikkje. Eg hadde faktisk inga aning.

I 2007 var ho mest oppteken av å oppleve verda her og no.

Reiste til Spania utan å kunne eit einaste ord spansk

Som 20-åring budde Tuva Fellman i Madrid, der ho gjekk på det ho kallar ein «flåsete» språkskule.

– Etter vidaregåande jobba eg på utestad og bakeri om kvarandre for å spare opp pengar til denne språkskulen. Då eg følte eg hadde nok, pakka eg sakene og reiste til Madrid. Eg hugsar at eg tenkte på flyet at det kunne nok lønt seg å vite kva «hei» var på spansk. Så det var ein litt røff start kan du seie.

I Madrid blei ho kjent med menneske frå heile verda, og nokre av dei har ho framleis kontakt med i dag.

Det året Tuva Fellman var 20 år utforska ho både Spania, Kenya og Sør-Afrika. Foto: Privat

– Eg trur nok det er den mest sosiale perioden i livet mitt, og med det forsvann også pengane.

Difor byrja Tuva å jobbe som VIP-ansvarleg på ein hiphop-utstad. Utestaden hadde policyen at dei stengde når gjestane gjekk, og det gjaldt dermed ho også.

– Så det var ikkje uvanleg at eg var ferdig på jobb klokka 06, og då kan du jo seie at det ikkje var så ofte eg drog på skulen. Men eg hugsar eg tenkte at han hadde eg jo betalt for sjølv, så det gjorde ikkje så mykje.

– Nokon vil vel seie at eg surra bort verdifull tid i Spania. Eg kan ikkje spansk i dag, nemleg. Men eg er ueinig. Eg blei kjent med masse folk og fekk enormt med livserfaring.

Stod fast i Mombasa utan pengar

Den reiselystne 20-åringen vende ikkje heim mot Noreg etter at språkkurset var over. I staden blei ho med ei venninne ho blei kjent med i Madrid til heimlandet hennar Kenya.

– Det gjekk moglegvis litt fort i svingane, for eg enda opp med å reise utan vaksinar eller reiseforsikring.

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Det var nok i Kenya då vi hadde reist på helgetur til Mombasa frå Nairobi. Det hadde vore «hurramegrundt» i to dagar, og på søndagen forstod vi at vi hadde brukt opp alle pengane våre. Ikkje berre sleit vi med å betale for hotellet, vi kom oss heller ikkje heim.

Her er Tuva Fellman på ei strand under ein helgetur til hamnebyen Mombasa i Kenya. Då ho og venninna Marion skulle reise attende til Nairobi, fekk dei trøbbel. Foto: Privat

– Til slutt fann vi ein buss som var billig nok, men standarden var kanskje ikkje heilt rå. Eg fekk eit halvt sete (eit fysisk halvt sete), og han bak meg hadde høner i eit bur som lagde så enormt med lyd. Marion sa at dette på ingen måte var staden å ta opp mobilen for å høyre på musikk, for då var ho redd vi kunne bli rana. Dei gløymde også ein mann på taket på eit av stoppa. Vi køyrde fleire minutt før dei skjønte kva dunkelyden var.

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Nei, det gjer eg faktisk ikkje. Men eg fann dette biletet som er tatt dagen før, så då vil eg anta at eg var i Nairobi.

Tuva Fellman hugsar ikkje 20-årsdagen sin, men dagen før klappa ho ein gepard i Nairobi. Foto: Privat

Rihanna og Bilerrepeat

I tillegg til å lese den spansken ho gadd, som ho antek ikkje var så mykje, hadde Tuva Fellman ein DVD med filmen Cars (Biler) som ho såg «om og om og om igjen» på den tida.

– Eg høyde òg enormt mykje på Rihanna med Umbrella. Då eg var i Kenya hadde låten akkurat kome, og vi spelte han sikkert 40 gongar om dagen!

Utanom familien, som alltid har vore svært viktig for Fellman, var venninna Cherisse frå Sør-Afrika den viktigaste personen i livet hennar som 20-åring.

– Vi hadde rom ved sidan av kvarandre og var saman kvar einaste dag. Etter at eg kom heim frå Spania byrja eg å studere kriminologi på universitetet, men snakka med ho nesten kvar dag. Den jula eg var 20 reiste eg for å besøke ho. Eg drog andre juledag og feira nyttårsaftan i Durban.

Nyttårsfeiring med venninna Cherisse i Durban i Sør-Afrika. Foto: Privat

Om Fellman hadde møtt seg sjølv som 20-åring ville ho tenkt at ho nok var eit «surrehue» utan så mange grenser.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Gjer meir av det som er gøy!


Programleiar og ryddedronning Synnøve Skarbø (50) hugsar kor letta ho var då ho droppa ut av studia og fekk seg praksisplass i NRK Møre og Romsdal. Foto: Privat/Kristoffer Myhre