Jakob og Erlend Loe: – Rumpehumor er for alle

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Rumper har jo alltid vore litt gøy, men «rumping» er eit heilt nytt konsept eg føler eg har vore med å utvikle. Det å «rumpe» ting er gøy å snakke om, seier Jakob Loe (14).

Saman med far sin, Erlend Loe, har han skrive Hvem rumpet brunosten?. Boka er ein parodi på eit mord-på-toget-mysterium, der den skuldige må finnast blant passasjerane på toget.

Lovbrotet? Nokon har sett rumpeavtrykk på brunosten som Lisen von Kvantum fraktar til Kongen.

Rumpehumor i særklasse, skreiv bokmeldaren til VG om boka til Jakob (14) og Erlend Loe.

– Gøy å tulle med

Forfattar Erlend Loe seier han ikkje hadde kome på å skrive boka utan sonen Jakob sin spesielle sans for rumpehumor.

– Jakob er ein fyr med utprega sans for språk og humor. Han er veldig gøy å tulle med, seier pappa Erlend.

I boka må den beste detektiven i verda og den gode vennen til Kongen, Fluffenberg, prøve seg på å løyse rumpegåta.

Dei mistenkte må gjennom avhøyr der detektiven stiller merkelege spørsmål, og alle må gje frå seg rumpeavtrykk, ikkje fingeravtrykk, før dei få gå.

– For nokre år sidan skreiv og teikna Jakob nokre bøker for seg sjølv. Der var det ein type som heitte Fluffenberg, så det namnet har eg lånt eller stole. Og dessutan har vi i fleire år tøysa om dette med å «rumpe» ting. Eg hugsar jammen ikkje heilt kor det kom frå, men det vart utvikla i fellesskap og over lang tid, fortel Erlend.

Illustrasjon: Kim Hiorthøy

Viktig rumpehumor

Far og son meiner rumpehumor er viktig for å få verda til å gå rundt.

– Ja, spesielt no som det er så mykje dumt med korona og klima og politikarar, både heime og utanlands, som går bananas. Då må vi ty til rumpene, seier Erlend Loe.

Forfattaren meiner humor er ein av dei viktigaste ventilane til livet.

–  Verda er så sprø og kjem til å halde fram med å vere det. Om det ikkje er korona så er det noko anna, så vi må finne det gode og morosame overalt der det lèt seg gjere, meiner Erlend Loe.

Tullar med Kongen

I boka tullar dei med alt og alle, inkludert Kongen og detektivhelten. Dei meiner det er viktig å kunne tulle med all slags folk.

– Rumpehumor er for alle menneske, uavhengig av alder. Alle har godt av å bli tulla med, absolutt alle, men kanskje spesielt dei som har makt og dei som har høge tankar om seg sjølv, meiner Erlend Loe.

– Ja. Viss vi kan tulle med alt, så lenge det er morosamt, har vi verkeleg fridom, meiner Jakob som har jobba mest med å utvikle ideen til boka.

– Vi har hatt det veldig morosamt med våre stadige idear. Viss eg skulle gi meg sjølv ein tittel i arbeidet med boka, hadde eg valt idé-drodlar.

Fingeravtrykk er ein vanleg etterforskingsmetode. I denne boka blir rumpeavtrykk viktig. Illustrasjon: Kim Hiorthøy

Gode leseminne

Pappa Erlend har parallelt med romanar for vaksne skrive ei lang rekkje barnebøker om figuren Kurt. Denne boka er deira fyrste felles prosjekt, men neppe deira siste. For å skrive gode barnebøker er dei begge einige om at å lese mykje er ein nøkkel.

– Eg les mange bøker. No i det siste har eg lese mykje historie, fortel Jakob.

– Nokre av dei beste barndomsminna mine kjem frå at foreldra mine las for meg. Og eg har fryda meg med å lese for sønene mine gjennom mange år. Eg synest det er godt å bidra til at folk kan lese og le saman, seier Erlend Loe.

For nokre år sidan gav Erlend Loe ut ei bok som heitte Rumpemelk frå Afrika saman med Alice Lima de Faria.

– Vi har tre gutar og den eldste av dei, Max, altså Jakob sin storebror, spurde ein dag om han kunne få rumpemelk frå Afrika til middag. Så der kom den boka frå, fortel Erlend.

Erlend og Jakob Loe sine beste tips til deg som vil skrive di eiga historie:

  1. Alt er lov.
  2. Det viktigaste er å ha det morosamt.
  3. Det finst ikkje noko som er dumt eller feil.
  4. Når ein tullar med noko og synest det er morosamt, er sjansen stor for at nokon andre òg vil synast at det er morosamt.
  5. Les mykje ulikt. Det er vanskeleg å skriva viss ein ikkje les sjølv.

Les også: Leah (19) om Levi (54): – Eg har jo ofte vore irritert på han i prosessen

– Eg har alltid sett at ho har hatt ein forfattars evne til å ordleggje seg, eller måte å sjå ting på, i dei tinga eg har lese som ho har skrive på skulen, seier forfattar Levi Henriksen om dottera Leah. Foto: Andrea Nøttveit