104-åring med fallskjermrekordforsøk: – Alder er berre eit tal

104 år gamle Dorothy Hoffner vonar å få fallskjermhoppet sitt godkjent som Guinness-rekord.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Det er aldri for seint å prøve noko nytt. Det har i alle fall amerikanske Dorothy Hoffner erfart. Ho gjennomførte nemleg sitt aller første fallskjermhopp som 100-åring.

No har kvinna frå Chicago blitt 104 år, og håpar å gå inn i Guinness rekordbok som verdas eldste fallskjermhoppar, skriv The Guardian.

– Alder er berre eit tal

– Det var fantastisk der oppe. Det heile var herleg, fantastisk, det kunne ikkje ha vore betre, seier 104-åringen om rekordhoppet.

Saman med den profesjonelle fallskjermhopparen Derek Baxter gjennomførte ho søndag 1. oktober eit tandemhopp på sju minutt frå 4100 meter over bakken. Etter at dei to fallskjermhopparane landa trygt på ei graslette i Ottawa i delstaten Illinois, gjekk ho vekk frå landingsstaden med sin raude rullator.

– Alder er berre eit tal, sa 104 år gamle Hoffner til publikum som hadde møtt opp for å heie på ho.

Den første gongen ho hoppa fallskjerm, måtte ho bli dytta ut av flyet, men no tok Hoffner sjølv styringa av tandemhoppet.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Skydive Chicago (@skydivechicago)

Ekstremsport

Dorothy Hoffner er ikkje den einaste over hundre som har interesse for ekstremsport. Den gjeldande rekorden som verdas eldste fallskjermhoppar, er det nemleg ei 103 år gamal kvinne frå Sverige, Linnéa Ingegärd Larsson, som har. Rekorden hennar vart sett i mai 2022.

No jobbar fallskjermklubben Skydive Chicago med å få Guinness rekordbok til å anerkjenne 104-åringen sitt hopp som ny rekord.

Hoffner har uansett ikkje tenkt å pensjonere seg frå ekstremsport med det første. Ho blir 105 år i desember, og seier at ho godt kunne tenke seg ein tur i luftballong, for det har ho aldri prøvd.